Utforsk Telemark

EN

NO

Norsk Skieventyr 30 år – med gjesteføredrag av Thor Gotaas

TypeMuseumsarrangement

Morgedalvegen 159, 3848, Morgedal

Legg Norsk Skieventyr 30 år – med gjesteføredrag av Thor Gotaas til i reiseruten din.

Thor Gotaas skal halde føredrag om boka Norske hoppbakker på Norsk Skieventyr i Morgedal.
  • Thor Gotaas skal halde føredrag om boka Norske hoppbakker på Norsk Skieventyr i Morgedal.
  • Annonse i TA frå då Norsk Skieventyr skulle opne i 1993.

Om

Me markerar Norsk Skieventyrs 30-årsjubileum, og er så heldige å få besøk av sjølvaste Thor Gotaas i samband med arrangementet!

26. november 1993 opna Norsk Skieventyr i Morgedal – dagen før fakkelstafetten til Lillehammer-OL starta frå Øvrebø, fødestaden til skipionéren og morgedølen Sondre Norheim.

Ideen var at Norsk Skieventyr skulle vere eit opplevingssenter, der skihistorie ville bli formidla med spanande, audiovisuelle verkemedel. Bygget åleine kosta 22 millionar og var eit spleiselag mellom privatpersonar, kommunar i Telemark, fylkeskommunen og Disktriktenes utviklingsfond. Prosjektet var eit dristig forsøk på å setje Morgedal og Telemark på kartet i samband med OL og fakkelstafetten. Den økonomiske risikoen var stor og senteret gjekk nesten konkurs både før og etter opning. Alt i 1994 blei Skieventyret slått saman med det godt etablerte Olav Bjaaland-museet, og den audiovisuelle løypa blei erstatta med ei meir museumsfagleg kuratert skihistorisk utstilling. Dyktige fagfolk bidrog til at Skieventyret i dag er eit fullverdig skimuseum, der ein framleis kan oppleve nokre av dei audiovisuelle høgdepunkta frå 1990-talet.

Vest-Telemark museum markerer 30-årsdagen med ei tilstelling med følgjande program:

Velkomen ved Norsk Skieventyr A/S, ved styreleiar Tarjei Gjelstad
«Bygda der OL-entusiasmen starta». Orientering om arbeidet med jubileumsutstillinga 2024, ved formidlingsansvarleg hjå VTM, Tilman Hartenstein
Helsing frå Jakob og Anne Grete Dyrkolbotn
«OL-floka» - allsong med Einar Heggtveit
«Moderne skihopping starta i Telemark – hoppsporten og bakkenes historie frå 1800-talet fram til i dag». Føredrag ved forfattar Thor Gotaas

Thor Gotaas er folkeminnegransker og forfattar. Han har utgjeve over 45 kulturhistoriske bøkar med folkloristisk vinkling, og er ein etterspurt føredragshaldar. Gotaas har halde langt over tusen føredrag, og er mykje brukt som skihistorikar i NRK og andre kanalar, og som gjest i ulike podkastar. 

Bjaaland bygderestaurant / Kantina til Bjaaland serverer middag frå kl. 14. Mat er ikkje inkludert i billettprisen.

 

Inngang arrangement med føredrag: kr 200,-

 

(Foto/omslag: Magnus Kinapel/Gyldendal)

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    16 m Unna
  2. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    10.14 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    11.98 km Unna
  1. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.30 km Unna
  2. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    12.34 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.57 km Unna
  4. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    12.57 km Unna
  5. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.63 km Unna
  6. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    12.64 km Unna
  7. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    12.99 km Unna
  8. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    13.10 km Unna
  9. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    13.41 km Unna
  10. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    13.64 km Unna
  11. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    14.42 km Unna
  12. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.81 km Unna
  13. Blika gullgruve

    I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…

    14.82 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av