Utforsk Telemark

EN

NO

Riksteatret: Kniven i ilden / Terä tulessa

TypeTeater

Nyveg 16, 3840, Seljord

Legg Riksteatret: Kniven i ilden / Terä tulessa til i reiseruten din.

Kniven i ilden / Terä tulessa

Om

Forboden kjærleik, sydande ishavsfiske og lækjande hender.
Ingeborg Arvolas fengslande historiske roman har gått rett til hjartet på eit rekordstort publikum. Boka har fått fantastiske kritikkar og er selt i 60 000 eksemplar. Endeleg blir boka teater!
Året er 1859. Brita Caisa er åleine med to barn. For å gi barna tryggheita dei fortener, spenner ho på seg skia og går den lange vegen frå Finland til Noreg for å finne ein mann ho kan ha eit trygt liv saman med. På vegen skjer det som ikkje skal skje.
Brita Caisa er ei kvinne som drar, ei kvinne som torer å stå opp mot fordømminga frå andre. Kniven i ilden er ei fengslande historie om arbeid og kjærleik, sterkt samhald og fri erotikk, enkeltmennesket og øvrigheita.
Arvolas eiga tipp-tipp-oldemor
Brita Caisa Seipajærvi var Ingeborg Arvolas tipp-tipp-oldemor. Arvola skriv så ein kan lukte blodet etter reinslakten, kjenne smaken av multene, føle kulden frå snøen og varmen frå bålet. Arvola løfter også fram den kvenske og samiske kulturen og gir oss eit unikt bilete av ei historie som bør få større plass i det kollektive minnet vårt.
Når boka blir teater for heile landet med Riksteatret og Kvääniteatteri, er det stjerneregissør Cecilie Mosli (Grey's Anatomy, Tre nøtter til Askepott, Snøsøsteren) som tar Arvolas storslåtte epos til scenen med Lena Kristin Ellingsen, Ivar Beddari, Ida Løken Valkeapää, Arthur Hakalahti, Bernt Bjørn og Pernille Sandøy i rollene.
Sagt om romanen:
«Vidunderlig og storslagen»
VG (6)
«Maken til het kjærlighetslengsel – og like dampende elskov – er det lenge siden jeg har lest om i en norsk roman.»
NRK
«En medrivende og historisk interessant roman (…) Kan leses i et begjærlig jafs»
Dagbladet (5)
«I det hele tatt skriver Arvola virkelig, virkelig godt. Sinnsykt godt, faktisk. Som en drøm, man ikke visste man gikk rundt med.»
Berlingske (5)
«Med en nærmest usynlig hånd sniker Arvola inn detaljer om tid, sted og miljø, som gjør leseren adskillig klokere enn det hen var fra før av» Aftenposten
«Kjærlighet og sex av den forbudte sorten, ekteskap som ryker, foreldre og barn som splittes, økonomi som krakelerer, et lokalsamfunn som får noe å sladre om [...] framfor alt er det den forbudte tiltrekningen og kjærligheten mellom Brita Caisa og den gifte Askan Mikko som setter futt i fortellingen.»
Klassekampen
Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).
Urpremiere i Oslo, Nydalen 30. januar 2026 Turnépremiere i Nordreisa 5. februar 2026
Med Lena Kristin Ellingsen, Ivar Beddari, Ida Løken Valkeapää, Pernille Sandøy, Bernt Bjørn og Arthur Hakalahti.
Av Ingeborg Arvola. Dramatisert av Cecilie Mosli. Regissør Cecilie Mosli. Kostymedesignar og scenograf Milja Salovaara. Lysdesignar Martin Myrvold. Komponist Arve Henriksen.
Medkomponist og musikalsk ansvarlig Ida Flåten Kampenhaug.
Dramaturg Siri Løkholm Ramberg. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Kvääniteatteri

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35 06 59 80

Åpningstider

Granvin Kulturhus (20 Mar 2026)
DagTider
Fredag19:00

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    558 m Unna
  2. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    1.19 km Unna
  3. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    1.41 km Unna
  1. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    1.81 km Unna
  2. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    2.36 km Unna
  3. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    2.66 km Unna
  4. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    7.30 km Unna
  5. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    9.22 km Unna
  6. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.37 km Unna
  7. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.58 km Unna
  8. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.79 km Unna
  9. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    10.31 km Unna
  10. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    10.87 km Unna
  11. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    11.60 km Unna
  12. Bruredynnan

    Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…

    12.33 km Unna
  13. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    12.72 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av