Utforsk Telemark

EN

NO

Rui-jentene i ny versjon

TypeTeater

Tokke kulturhus, Storvegen 211, 3880, Dalen

Legg Rui-jentene i ny versjon til i reiseruten din.

Fra NOK 270,00
Product Image

Om

Etter å ha reist med teaterforestillinga om Rui-jentene sidan mai 2018 og spela for over 10.000 publikumarar, har desse jentene endeleg vore i Oslo att med ny-premiere på Riksscenen – over 60 år etter at Kong Olav inviterte dei til Slottet då han las Knut Eidems artikkel om dei i Dagbladet – og jentene blei rikskjendisar!

Historia om dei to små systrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark, som kom til kongen, var kjend og kjær i si samtid, og ho vekker framleis gjenklang hos mange. Ingerine og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui. Sjølv om dei hadde midlar til å gjera arbeidet lettare, levde dei etter sin fars filosofi om nøysemd. Kva er det me moderne menneske ikkje kan sjå, men som dei så klart og tydeleg såg, der dei streva og arbeidde oppe på sitt vakre, men akk så enkle og gamaldagse Rui? Og korleis blir to syskjen forma av kvarandre etter å ha levd eit langt liv i tosemd, og i gjensidig avhengnad?
I førestillinga får ein møte Ingerine og Gurine, og ta del i deires liv. Ein møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum i salen, og får vera med på den store reisa frå Dalen til Oslo. Me ynskjer å gje publikum eit nært, varmt, og ekte møte med Ingerine og Gurine, eit møte fylt med humor, og til undring og ettertanke.

I nyversjonen har me hatt god hjelp av koreograf Indra Lorentzen og ikkje minst folkemusikar Erik Sollid – kjend frå m.a. Valkyrien Allstars og med røter frå Morgedal. Han spelar både feler og radio og er ein aktiv medspelar i forestillinga. Me tør påstå at historia om Rui-jentene har fått ein ny dimensjon!

Ingerine: Hæge Manheim / Gurine: Inger Merethe Johnsen
Regi: Sylvia Salvesen / Koreografi: Indra Lorentzen / Musikar: Erik Sollid
Manus i samarbeid etter ein idé av Teater Fabel v/Inger Merethe Johnsen.

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
PrisNOK 270,00 billetter

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Sjekk tilgjengelighet forRui-jentene i ny versjon (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

35075200

Også i nærheten

  1. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    2.64 km Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    2.84 km Unna
  3. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    2.88 km Unna
  1. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    2.90 km Unna
  2. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    4.74 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    8.75 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    17.49 km Unna
  5. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    21.35 km Unna
  6. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    24.66 km Unna
  7. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    24.71 km Unna
  8. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    27.87 km Unna
  9. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    27.94 km Unna
  10. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    29.84 km Unna
  11. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    30.37 km Unna
  12. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    31.90 km Unna
  13. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    34.52 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av