Draumkvedet er ein mellomalderballade som blei skriven opp i Vest-Telemark på 1800-talet. Balladen er Noreg sitt «bidrag» til eit felleseuropeisk tilfang av visjonsdikt med både katolske og førkristne element. Det har vore mykje forsking kring alderen og opphavet, utan at svaret er gjeve. Draumkvedet har inspirert kunstnarar av alle slag gjennom 150 år.
Seminaret ved Vest-Telemark museum Eidsborg undersøkjer korleis Draumkvedet har noko å seie for oss i dag. Nye innfallsvinklar frå ulike fagfelt set den tradisjonelle Draumkvedet-forskinga i perspektiv. Seminaret set òg fokus på Draumkvedet som sanseleg oppleving i fleire kunstformer. Ei framføring av Draumkvedet i Eidsborg stavkyrkje vil vere fast del av seminaret.
Tema for 2022: DRAUMKVEDET – DET VISUELLE MINNET
I samband med seminaret vil VTM på nytt opne ei unik utstilling som ikkje har vore tilgjengeleg under pandemien. "Olav sin draum" er ei audiovisuell oppleving der eit akustisk verk i fleirkanal surround av Natasha Barrett, og 11 fotografi av Draumkvedet-broderia til Borgny Svalastog inngår. Båe kunstnarar vil vere til stades under seminaret og fortelje om det kunstnariske arbeidet sitt fredag. Utstillinga vil vere tilgjengeleg under heile seminaret.
Program fredag 25. mars:
17.00 Mingling
17.15 Velkomen v/museet
17.30 Biletkunstnar Borgny Svalastog om sitt arbeide med Draumkvedet
18.00 Komponist Natasha Barrett om sitt arbeide med Draumkvedet
18.30 Høve til å oppleve utstillinga i lytterommet
19.30 Framføring av Draumkvedet i stavkyrkja, ved Ingvill Buen Garnås
Laurdag 26. mars:
9.00 Oppstart og kaffe, med høve til å oppleve utstillinga i lytterommet
10.00 Innleiing til seminaret v/museet. Tema: Det visuelle minnet
10.30 Føredrag: Stein Versto: Draumkvedet og hugsekunsten.
Spørsmål og samtale
12.00 Lunsj og pause (utstillinga er open)
13.00 Astri Hognestad: «…fortælje vil æg Draumo mi…» - En psykologisk innfallsvinkel til Draumkvedet
Spørsmål og samtale
14.30 Oppsummering, avslutting og farvel v/museet
15.00 Tilbod om omvising i folkekunstutstillinga.
Litt om føredragshaldarane:
Stein Versto er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og folkemusikar frå Vinje. Med utgangspunkt i den engelske idéhistorikaren Frances A. Yates sine tankar i boka "The Art of memory" (1966) vil han undersøkje korleis hugseteknikkar frå førskriftleg tid kan ha påvirka biletbruken i Draumkvedet.
Astrid Hognestad er forfattar og psykoanalytikar med utdanning frå C.G.Jung-instituttet i Zürich. Ut frå Carl Gustav Jung si forsking i myter, eventyr og draumar vil ho freiste å analysere sentrale symbol og bilete i Draumkvedet.
Litt om kunstnarane:
Borgny Svalastog er biletkunstnar og internasjonalt anerkjent for m.a. sine kyrkjeutsmykkingar. Til utstillinga i Eidsborg har ho bidrege med fotografi av ein serie med broderi kring Draumkvedet.
Natasha Barrett er engelsk-norsk komponist og lydkunstnar. Til utstillinga i Eidsborg har ho laga eit lydverk i 16.1 fleirkanal der ho brukar materiale frå to opptak av Draumkvedet, gjort i Eidsborg stavkyrkje ved Ellen Nordstoga og Håvard Håkanes.
Litt om konserten fredag:
Ingvill Buen Garnås kved Draumkvedet med utgangspunkt i Magnus Brostrup Landstad sin versjon. Han nytta Maren Ramskeid sin variant som rettesnor. I motsetjing til Moltke Moe, såg Landstad det som mest meiningsfullt når bodskapet om nåde avrundar forteljinga, slik det gjer i Ramskeid sin variant. I norske Folkeviser frå 1853 tok han med både ei nedskrift direkte etter henne, og ein eigen meir utbygd versjon, der han fletta inn fleire vers frå ulike kjelder. Ludvig Lindeman skreiv ned ei rekke ulike tonar som blei nytta til Draumkvedet, og laga med utgangspunkt i nokre av desse eit verk som seinare har blitt ein slags tonemal for Draumkvedet. Ingvill Buen Garnås brukar nokre av Lindemans utvalde tonar, men også meir ukjende gamlestevtonar i si framføring. Dei fleste melodiane har ho lært av mor si, Agnes.
Pris: 700,- for båe dagar, inkl. lunsj laurdag. (Evt. 200,- for berre fredagskveld, 500,- for berre laurdag m/lunsj.) Påmelding til post@vtm.no innan tysdag 22. mars.
Museet har prisavtale med Morgedal Hotell, ca. 30 min med bil frå Eidsborg.
Enkeltrom: 995,-, Dobbeltrom: Kr 1.295,- inkl. frokost. Tinging med rabattkode «Eidsborg» sendast til post@morgedal.no .
Bileta over visar eit broderi av Borgny Svalastog ("Og månen skine") og portrett av Ingvill Buen Garnås, Borgny Svalastog, Natasha Barrett, Astri Hognestad og Stein Versto.
NB. På grunn av stor etterspurnad vil føredraga til Stein Versto og Astri Hognestad bli overført i sanntid på museet si facebookside og på youtube. Der vil det og vere høve til å sende inn spørsmål.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…