Korleis hadde live vore dersom du hadde følgt den store kjærleiken?
Den stolte sauebonden Bjarne sitt liv går mot slutten. Men før han kan legge ut på den siste ferda må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han gjorde, det livet han levde og det livet han ikkje torde leve. Det blir ei saftig forteljing om intens kjærleik og livskamp, dampande erotiske minner blanda med svart humor og soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom.
Den lille romanen Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson vann den islandske bokhandlarprisen i 2010 og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka har vore dramatisert for teater i fleire land og ein film er på veg. No blir det noregspremiere på teater med folkekjære Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Bergsveinn Birgisson har også skrive Den svarte vikingen, som Paramount Pictures lagar TV-serie av med norske Morten Tyldum som regissør.
Svar på brev frå Helga er ei gripende fortelling om moden kjærleik - om ein lidskap som blir bestemmande for to menneske sitt liv, og som føder eit sakn de to tar med seg inn i døden. Dette er Romeo og Julie for vaksne.
Noregspremiere på Hordaland Teater 21. mai 2019.
Turnépremiere i Østa 18. september 2019.
Med Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Av Bergsveinn Birgisson. Oversetting: Johannes Gjerdåker. Dramatisering og regi: Stig Amdam. Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes. Lys: Einar Bjarkø. Produsert etter avtale med Teaterforlaget Songbird AS. Produsert av Hordaland Teater. På turné med Riksteatret.
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Voksen | NOK 410,00 billetter |
Honnør | NOK 330,00 billetter |
Grupper | NOK 330,00 billetter |
Med forbehold om prisendringer.
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Sist viste
Utstilling
Sommarutstillinga 2025 på Kunstlåven i Seljord
Seljord Kunstforening inviterer til ein mangfaldig…
Konsert
Seljord Songlag, Sundsbarmkatedralen og jol høyrer saman, -men grunna smittevernreglane må publikum…
Museumsarrangement
Arrangement av Vener av Skinnarlandsamlinga. I galleriet med skulpturar av Knut Skinnarland er det…
Friluftsliv
Friluftsskolen er et ferietilbud i nærmiljøet, denne gang på Raudkleiv, for barn og ungdom, med…
Friluftsliv
Enkel kafé med svele, feitegraut, kaffe, brus o.l. 3 km fin gangetur frå parkering ved Kvambekk.…
Maleri-grafikk-tegning
Det synast naturleg å ha eit lite galleri her, sidan så mange kunstnerar er knytt til staden. Me…