Utforsk Telemark

EN

NO

«Tuntreet» - poesikonsert med Buen Garnås og Versto

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg «Tuntreet» - poesikonsert med Buen Garnås og Versto til i reiseruten din.

Stein Versto og Per Anders Buen Garnås - Tuntreet - Foto Knut Utler

Om

I poesikonserten «Tuntreet» vil ordet og tonen stå i sentrum. Konserten vekslar mellom solo hardingfelespel og diktlesing – krydra med kortfatta refleksjonar om livet og poesien, der både alvoret og det mindre alvorlege får rom. Ordet tun har med det heimlege å gjere. Tunet er staden der husa rammar inn og skaper rom, og midt på tunet står treet. Ord og spel vil krinse rundt dette biletet – i vid forstand. Konserten vart framført som ein del av programmet under fjorårets utgåve av Telemarkfestivalen til stor begeistring for publikum som var til stades.

Per Anders Buen Garnås er spelemann, utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, og vart under Folkelarm i 2022 kåra til «Årets folkemusikar»
! Han har vunne Landskappleiken på hardingfele fire gonger, han har vunne FolkeLarm-prisen to gonger, og han har vore nominert til Spellemann-prisen tre gonger.

Stein Versto frå Vinje i Telemark er forfattar og lyrikar, omsetjar og spelemann. Han debuterte som forfattar med novellesamlinga
«Ho blei borte i trappene» i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seinare har han gjeve ut tre diktsamlingar, roman og ei prosabok om folkemusikk og utvandring, skrive essay og ei rekkje songtekstar tonesette av norske artistar, blant dei særleg Odd Nordstoga.

Inngang kr 200,- (halv pris med årskort)
Velkomen!

 

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

+4735069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  1. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    244 m Unna
  2. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.61 km Unna
  5. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.27 km Unna
  6. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  7. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
  8. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.51 km Unna
  9. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.56 km Unna
  10. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    27.50 km Unna
  11. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.94 km Unna
  12. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    31.66 km Unna
  13. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    31.69 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av