Fredag 27. august blir det «skihistorisk vandring» frå Norsk Skieventyr til Øverbø, staden der Sondre Norheim, far til den moderne skisport vart født.
På Øverbø møter me Rannei, kona til Sondre, framført av Hæge Manheim. Ho vil fortelje om livet med Sondre og korleis det var å vera fattig husmann midt på 1800–talet. På vegen opp til Øverbø vil Tarjei Gjelstad vera kjentmann og fortelje om Morgedal si rolle i å utvikle den moderne skisporten.
Du treng ikkje gå heile turen, du kan parkere i krysset til Bjålandsgrendi eller på toppen av Bjålandsgrendi. Start frå Norsk Skieventyr kl. 17.00. På Øverbø startar programmet kl. 19.00. Arrangementet er gratis. Det blir sal av kaffe og kaker på Øverbø.
Museet og kafeen har opent fram til kl. 17.00.
Vel møtt!
Styret i Norsk Skieventyr
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…