Utforsk Telemark

EN

NO

Lien Fjellgard

TypeGjestegård

Svartdalsveien 414, 3840, Seljord
Vertskap ved Lien Fjellgard
  • Vertskap ved Lien Fjellgard
  • Product Image
  • lamm på Lien fjellgård
  • Spekemat på Lien Fjellgard
  • Middagsbord på Lien Fjellgard
  • Gårdsstil på Lien Fjellgard
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Ein gard i drift
Lien Fjellgard er ein gard i drift med 50 stk. vinterfora sau. Garden har eige fjellterreng, som ligg i Brattefjell /Vindeggen Landskapsvernområde.


Historia om Lien Fjellgard
Garden ligg øvst i Svartdal i Seljord kommune og er ein ekte Telemarksgard som klamrar seg fast i fjellsida, 700 m.o.h. I tunet er det 10 gamle, solbrune hus, og det er ei flott utsikt mot Skorve. Namnet Lien er for første gong nemnt i eit skinnbrev frå 1447. Garden har gått i arv frå far til son sidan tidleg 1600-talet.


Overnatting
Her søv du i dei gamle, opphavlege husa. Kvart rom er unikt og fortel si eiga soge.
Nokre rom har eige bad, medan andre må dele.
Med overnatting i Stall og Låve, sett det eit særegent preg på ditt besøk.

Smak frå fjell og vidde
Våre tankar om mat tek utgangspunkt i kvar vi er. På ein fjellgard skal det vere rause porsjonar, dei ekte smakane, det som er nært. Lam og vilt serverer vi ofte. Røykomnen i tunet sørgjer for at de får nyrøykt aure til lunsj eller forrett. Ein ny bakaromn er òg teken i bruk, og vi kan freiste med nysteikt steinomnsbrød.

På Lien legg vi stor vekt på dei gode mpltida, måltid vi håpar du som gjest vil hugse.

 

Lien Fjellgard er godt egna for møter, teambuilding, kurs og selskap. Ta kontakt så skreddarsyr vi eit opplegg.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

918 60 211

Sist viste

  1. Rui-jentene i ny versjon

    Type

    Teater

    Etter å ha reist med teaterforestillinga om Rui-jentene sidan mai 2018 og spela for over 10.000…

  2. Aasmundsen Bakeri

    Type

    Café

    Aasmundsens Bakeri Telemarksbakeren er eit lokalt bakeri for heile Telemark. Tidleg kvar…

Ikke gå glipp av