
Distanse: ca. 1 km
Tid: ca. 15 min - 30 min
Vanskelegheitsgrad: Lett
Turbeskrivelse:
Turen til Dagsturhytta i Flatdal er ein kort og lett tur på flatmark, og passar godt for både familiar, turgåarar og syklistar. Ruta går på opparbeidd grussti ute på Flatdalsøyan med enkel tilkomst frå parkeringa ved Flatsjå. Frå parkeringa er det berre om lag 15-30 minutt å gå til dagsturhytta, men området inviterer også til å bruke litt ekstra tid undervegs. Langs vegen kan du ta turen over boardwalken, utforske Naturlaben og oppleve det særprega natur- og kulturlandskapet på Flatdalsøyan. Her ligg det også til rette for aktivitetar som fiske og padling i kajakk, noko som gjer turen til meir enn berre ein gåtur til eit mål. Dagsturhytta er eit hyggeleg turmål og ein fin stad for ein pause, enten du kjem gåande eller på sykkel. Sidan underlaget er jamt og terrenget flatt, er dette ein tur som eignar seg like godt for ei roleg rusletur som for ein liten sykkeltur i vakre omgjevnader.
Hytta er ope heile året og er gratis for alle å bruke.