Utforsk Telemark

EN

NO

Gullgruve og sommarfugl-enger i Svartdal

TypeSykkel

Flatdalsvegen 1283, 3841, Flatdal
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Startpunkt: Nordbø Pensjonat eller Nutheim Gjestgiveri

Vegomtale:  Ynskjer du ein lengre tur med lunsjstopp, må du sykle frå Nordbø, om Nordbygda og Holm Landhandel og vidare til Nutheim i Flatdal, eller motsett veg. Langs denne strekningen vil du oppleve stort spenn i landskapsrom og -dramatikk.

På vegen kan du ta avstikkaren inn i Svartdal, grenda i svingen. Kjend for gullgruve, sjeldne sommarfuglar, nasjonalt utvald kulturlandskap med rikt artsmangfald, kunstnarar, spinneri og eit aktivt grendelag! Grendelaget har flytta skulehuset sitt ned til sykkelruta og laga ein særmerkt stoppestad langs ruta her.

Frå Nordbø Pensjonat fylgjer du den nedre bygdevegen framom kyrkja og Holm. Ved Tho-leet kjem du ut att på fylkesvegen og fylgjer denne til den grøne sykkelpila viser veg til venstre, over elva og opp langs den gamle ferdslevegen frå Brudalsbrekka. Når du har kome opp dei bratte kleivene, må du sjå deg tilbake i den tronge Ambjørndalen, der forteljinga om Bondeopprøret og mørke hendingar i Telemark si fortid gjer landskapsopplevinga til noko ekstra dramatisk. Sogene og forteljingane er nærverande her, og på benken på toppen kan du kvile og fordjupe deg om du vil. Vegen går vidare og du ser mot Skarsnuten og inn i Svartdal. Du fylgjer innsida av jordet på Utmoen, før du kryssar fylkesvegen der ein av Villblom-markørane står i krysset mot Haugsvold. Sykkelruta fylgjer elva Svorte inn i Svartdal. Når du kjem ut på gardsvegen Blikavegen, kan du velje å ta ein handletur oppom det lokale spinneriet Telespinn (lenke?) før du svingar innom skulehuset og tek ein stopp i det gamle skulehuset, der opplevinga av skulestova er den same som då skulen vart lagt ned, på 1950-talet. Vidare mot Nutheim fylgjer du Svartdalsvegen sørover til du kjem inn på fylkesvegen att i den krappe svingen. Der terrenget bikkar ved Grønnerud, kjem Skorve og Flatdalsdalen til syne, og ved Åsegardane får du utsynet over det veldige dalrommet som opnar seg mot den grøne dalbotnen og med den dramatiske Skorveveggen midt imot. Om du vil ta utsynet inn eller ta eit foto, kan du stoppe på Utsiktspunktet på Nylende. Så fylgjer du Lina (som fylkesvegen er kalla her) ned til Nutheim der du kan nyte ein betre lunsj i den hyggelege hagen med vakkert utsyn over dalen.

Både på Nutheim og Nordbø serverar dei god mat og drikke, før du syklar turen tilbake.

Fasiliteter

Avstand

  • lengde i km - 10,5 km

Gradering

  • middels

Målgruppe

  • Barn
  • Familie
  • Voksen

Sesong

  • Høst
  • Sommer
  • Vår

Varighet

  • 1 time

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Ikke gå glipp av