På kulturlandskapssenteret får du innsikt i korleis dyr og menneske kan spela på lag med landskapet. Bli med på omvising i bygda og kom tett på dei gamle styvingstrea, dei blomerike engene, beitemarkene, gardshusa og dyra. Ingvill Buen Garnås er vertskap og brukar sin bakgrunn som naturforvaltar og folkesongar i formidlinga.
Folkesongane og forteljingane går tilbake til sjølvbergingssamfunnet før den
industrielle revolusjonen. Omvisinga passar godt å kombinere med eit besøk i Verdensarven Rjukan – Notodden som syner den unike industriarven i Telemark. skiftande og frodige naturen og den gamle bondekulturen trakk i si tid kunstnarane opp i Telemarksbygdene. Målaren Harald Kihle fann noko spesielt då han sommaren 1922 kom på sykkel via Seljord, Flatdal og Svartdal til Hjartdal; «Det var menneskene og den gamle bondekulturen som var så forankret i Hjartdølerne, det var det gamle vidunderlige tunet, og naturen om kring».
I vår tid er bygdene enno kjende for dei særmerkte kulturlandskapa sine. Hjartdal og Svartdal er blant Noregs 32 Utvalde kulturlandskap. Grannebygda Flatdal har også eit særmerkt kulturlandskap, med noko så sjeldan som ein landsby ut mot eit åkerland mellom stupbratte fjell. Forteljartradisjonen har til alle tider vore ein viktig del av bondekulturen i Telemark. I Mytiske Telemark kan du oppleve heilskapen
mellom natur og kultur på ein måte du ikkje så lett vil oppdrive andre stader.
”Dette var det nesten litt skummelt at jeg ikke visst noe om”. Sitat frå lærarstudent på omvising.
Grupper etter avtale.
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…
Telespinn blei starta i 2008 og er eit småskala spinneri som held til på den gamle garden…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Into the Landscape
International workshop 25th of September to 4th of October with Sami…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…