Utforsk Telemark

EN

NO

Bjordal

TypeBesøksgård

Fjellvegen, 3690, Hjartdal

Legg Bjordal til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og døtrene April, Åse Marit og Miriam om sommaren. Stulen ligg på omlag 700 meter over havet i eit gamalt beite- og staulsområde. Kyrne flyttar opp på sommarbeite rundt Jonsok (midtsommar) og er der til omtrent midten av august. Fridomen på fjellet gjer at dyra bygger opp musklatur og får nye krefter. Fjellgraset er friskt og næringsrikt og gjer at kyrne trivst og mjølkar ekstra godt. Av mjølka blir det laga fjellost, smør, rjome, knaost og prim på den tradisjonelle måten.

Frå gamalt av er gjestfridom ein dyd, og du er velkomen til å besøke stulen Bjordal som høyrer til garden Nordbø i Hjartdal. Her kan du kjøpe kaffe, saft og vaflar. Rjomegraut på bestilling. Kontant betaling. Kombiner gjerne med ein fjelltur, då smakar det ekstra godt. Du kjem inn i eit gamalt
gjetarområde og kan sjå for deg korleis folk gjennom lange tider passa på husdyra sine slik at dei heldt seg innafor beiteområdet. Det var også viktig å verne dei mot rovdyr og sjå etter at dei var friske.

Området er ei staulsgrend med seks vårstaular som alle var i drift før i tida. Når buskapen skulle heim om hausten bytta dei seks staulane år for år på å samle buskapen på ein av staulane før dei dreiv dei ned til bygda. Denne siste turen blei kalla for «hevdetur», som betyr «gjødsletur». Hevdeturen var ei viktig ordning for å få god grasavling og med dette kyr som mjølka godt og la på seg om sommaren.Avføringa etter buskapen er verdifull gjødsel som tilfører jorda næring.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

918 93 148

Også i nærheten

  1. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    8.08 km Unna
  2. Blika gullgruve

    I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…

    9.60 km Unna
  3. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    9.96 km Unna
  1. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    11.96 km Unna
  2. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    11.97 km Unna
  3. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.10 km Unna
  4. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.81 km Unna
  5. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.85 km Unna
  6. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    12.94 km Unna
  7. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    13.94 km Unna
  8. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    15.25 km Unna
  9. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    19.49 km Unna
  10. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    19.61 km Unna
  11. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    20.74 km Unna
  12. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    21.26 km Unna
  13. Into the landscape

    Into the Landscape

    International workshop 25th of September to 4th of October with Sami…

    21.31 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av