For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Brynesteinsvandring

TypeVandring

Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Brynesteinsvandring til i reiseruten din.

Brynesteinsvandring

Om

Denne turvegen tar deg opp til steinbrotet Brunåslid. Dette var det største av mange brynesteinsbrot i Eidsborg-Lårdalsområdet. Brotet vart truleg opna tidleg på 1700-talet og var i drift til rundt 1950. Ein ser dei store ”uslehaugane”, som var avfall frå brynesteinsproduksjonen. Ved den øvre haugen ser ein tufter etter ei av arbeidsbrakkene.

Brynestein frå Eidsborg har ei lang historie og ein reknar drift i berga her attende til omlag 700 e.Kr.
Den vart skipa ut vassvegen (Telemarkskanalen).

Brynesteinen er og ei særmerkt handelsvare som allereie vikingane tok med seg ut på sine ferder. Brynestein er slik funnen over heile  Europa.

Middels krevjande tur i kupert terreng. Stigen fylgjer store delar av ein gamal ferdselsveg som i dag er ein del av pilgrimsvegen i Vest-Telemark.Turen er ikkje lengre enn 4 km, men ein bør likevel rekne 2 timar på grunn av terrenget. Etter den fyrste stigninga kjem du til eit utsynspunkt med benk. Det er og benkar på toppen ved brotet. Ved start og under heile turen er det informasjontavler og retningskilt.  Frå brotet kan du gå fylkesvegen attende til museet.

Turen startar ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg. Det er godt skilta til Vest-Telemark Museum frå Høydalsmo og Dalen. Parkering ved museet og Eidsborg stavkyrkje. Stigen startar ved Juvestoga på museumsområdet.  

 

Fasiliteter

Avstand

  • lengde i km - 4 km

Gradering

  • middels

Målgruppe

  • Eldre
  • Familie

Natur og terreng

  • geologiske forekomster
  • skog

Sesong

  • mai - september

Varighet

  • 2 timer

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv45 og skilting til Vest- Telemark Museum, Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du  Fv 45 mot Høydalsmo.  Sjå etter skilt til Vest-Telemark Museum og Eidsborg stavkyrkje.

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,…

    102 m Unna
  2. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    111 m Unna
  3. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    123 m Unna
  1. Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)…

    146 m Unna
  2. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    163 m Unna
  3. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    243 m Unna
  4. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    251 m Unna
  5. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    1.01 km Unna
  6. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av Jostein Hellevik, og ei utstilling…

    2.32 km Unna
  7. Draumkvedet - utstilling med Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedutstilling på Grimdalstunet i Skafså.

    7.33 km Unna
  8. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.46 km Unna
  9. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.52 km Unna
  10. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.71 km Unna
  11. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.04 km Unna
  12. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    På Norsk Skieventyr i Morgedal opna det i 2018 ei utstilling om skimakaren Asmund Kleiv.

    22.69 km Unna
  13. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.69 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark Museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

Eidsborg stavkyrkje, TokkeSjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg. Omvising i høgsesong kl 11:00, 12:00, 14:00, 16:00. Utanom høgsesong er det omvising etter behov.

Brynesteinsvandring, TokkeSpennande turveg frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg til det historiske Brynesteinsbrotet. Få med deg brynesteinsutstillinga på Vest-Telemark Museum Eidsborg fyrst.