For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

EN

NO

Nutheim Gjestgiveri

TypeGjestgiveri

Flatdalsvegen 1283, 3841, Flatdal

Legg Nutheim Gjestgiveri til i reiseruten din.

Nutheim Gjestgiveri

Om

Ta i bruk sansane og nyt smak, historie, estetikk og ro på Nutheim.

Nutheim, kunstnarhotellet i Telemark, er ope for deg som stikk innom for eit godt måltid, gjerne i kombinasjon med overnatting. Det passar også godt for grupper som ønskar inspirasjon og hyggeleg vertskap. Opplev Mytiske Telemark gjennom eit besøk, og kombiner gjerne med gardsbesøk, fottur i det bratte lendet, ridetimar eller målekurs på Nutheim.

Eit besøk på Nutheim er ei sanseleg oppleving der gode måltid, triveleg overnatting, kunst, historie, lys, og motiv er vevd saman. Den gjestfrie staden byr på restaurant, galleri, kunstbutikk, ein vakker hage, møtelokaler, prestegard med kapell og ikkje minst ei fantastisk utsikt. Nutheim har tilsaman 16 rom fordelt på 6 bygningar. Her kan du overnatte på sjølve gjestgiveriet som i si tid var ein gammal skyss-stasjon, i Hjartdal gamle prestegard frå 1648, i gamle stabbur eller i kunstnarens eige atlier. Alle roma har originalkunst etter kjende kunstnarar som har budd og arbeidd i området, eit område som har tiltrekt seg kunstnarar sidan nasjonalromantikken. Atmosfæra er både upretensiøs og stilfull.

Nutheim gjestgiveri opna i 1877 og har vore i familien i fleire generasjonar. Då kunstnaren Erlend Grøstad saman med sin ektefelle Ninni overtok drifta i 1957 førde dei vidare det levande kunstnarmiljøet på Nutheim og heldt målarkurs kvar sommar. Staden er sterkt prega av Erlend Grøstad sin interesse for staden, kunsten, tradisjonar og Telemarkskultur.

Lidenskapen for mat, kunst og tradisjonar lever vidare gjennom dagens vertskap. Bilethoggar Ellen Grøstad Barstad og dottera Solveig driv saman denne perla av eit historisk kunstnarhotell. Kokkekunsten har gått i arv frå mor til dotter gjennom fire generasjonar, og matstilen er norsk med ein fransk touch gjerne med lokale råvarer.

TripAdvisor

Kart

Video

  • Nutheim gjestgiveri

Kontakt

35052143

Også i nærheten

  1. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    12.65 km Unna
  2. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    32.26 km Unna
  3. Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    33.10 km Unna

Ikke gå glipp av