Utforsk Telemark

EN

NO

Norsk Skieventyr i Morgedal

TypeOpplevelsessenter

Morgedalvegen 159, 3848, Morgedal

Legg Norsk Skieventyr i Morgedal til i reiseruten din.

Fra NOK 50,00
Norsk skieventyr i Morgedal.
  • Norsk skieventyr i Morgedal.
  • Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Norsk skieventyr i Morgedal, Olav Bjaaland, skimuseum.
  • Museumsbutikken ved Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • museumsbutikk hos Norsk Skieventyr i Morgedal
  • Utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • Utstilling på Norsk Skieventyr i Morgedal, Vest-Telemark museum.
  • gammeldags ski og binding fra Norsk skieventyr
  • Fra kinosalen, fartsfylt film på tre store lerrett
  • 2. etasje i New School, film om snowboard og twintipski
  • Noregs lengste ski henger på veggen til Norsk Skieventyr
  • Statuen av Sondre Norheim hos Norsk Skieventyr i Morgedal
Vanskelighetsgrad:
Distanse:
Tid
Terreng
Sesong:
Passer For:

Om

Norsk Skieventyr er skimuseet i Morgedal
Den beste staden for å oppleve skikulturen og Morgedal si betyding for denne er på Norsk Skieventyr. Du kan lære om norsk ski- og polarhistorie gjennom ei multimediareise som startar 4000 år tilbake, og endar med dagens snobrett og twintip.

Museet gjev innsikt i skileiken som føregjekk i bakkane i Morgedal i 1850-åra og som var starten på den moderne skiidretten, generell skihistorie og sjølvsagt historia om pioneren Sondre Norheim. Vidare fortel utstillingane om kappløpet mot Sørpolen der Olav Bjaaland deltok, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip.

Til slutt, i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!

Les meir om utstillingane her

Vassparken i Morgedal

Utanfor skimuseet opna det i juni 2022 ein 45 meter lang kopi av Morgedalsvassdraget. Her kan ungane leike seg inn i historia med fløting av timmerstokkar og produksjon av straum - plaske og kose seg:-) 

Morgedalvassdraget har vore rekna som ei livsnerve for bygda. I tidlegare tider ga vassdraget matauke, det var transportåre for tømmer som ga inntekter og dei små fossefalla ga drivkraft til kverner og sagbruk. I dag er vassdraget ein del av Sundsbarmreguleringa som produserar store mengder el-kraft. Ein kopi av Morgedal-vassdraget på uteområdet framfor Norsk Skieventyr utgjer ein ny og spanande attraksjon. Den formidlar ein del av bygdas historie gjennom fysiske installasjonar og digitale formidlingsflater. Det er og formidling via app, skilting og fysiske gjenstandar. Vi ynskjer å formidle den tidlege bruken av vatn, og kva det betydde for busettinga. I dag er bruken endra og vasskrafta gje store inntekter gjennom kraftproduksjon. 

Inne i sjølve skimuseet finn du også ein kafé med ein spanande meny. 

I kafeen er det leikekrok der ein kan bygge med Lego/Duplo og ha hopprenn i ein liten hoppbakke. Sjå film frå leikekroken her.

Museumsbutikken har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal og Vest-Telemark elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne viser deg turen vidare.
Det er gratis internett-tilgang.

Den fyrste vinterolympiske fakkelstafetten
Utanfor Skieventyret, ute i vatnet, lyser den olympiske elden. Elden blei tent fyrste gongen her i Morgedal til Vinter-OL i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.

​​​​Flott gåtur til Øverbø, staden Sondre Norheim vaks opp
Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge.

Velkommen til Norsk Skieventyr!

Sjå Stine Hartmanns rapport frå bl.a. Norsk Skieventyr i Den Moderne Askeladdens Dag 1 (16. mai 2017)!

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: booking@vtm.no 

Tlf: 35069090

Fasiliteter

Aktiviteter

  • bading
  • barneaktiviteter
  • fiske i vann
  • fotturer
  • sykkeltur

Mat og drikke

  • grill
  • lunch
  • middag
  • smørbrød
  • tradisjonsmat
  • uteservering

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • museumsbutikk
  • omvisning etter avtale

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Årskort familie. Gjeld inngang på alle våre museumNOK 700,00 entre
Årskort pr.pers. Gjeld inngang på alle våre mNOK 400,00 entre
Born 6 - 15 årNOK 50,00 entre
Familiebillett 4+NOK 250,00 entre
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 700,-NOK 80,00 entre
Honnør / studentNOK 80,00 entre
Vaksne (frå 16 år)NOK 100,00 entre

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Sesong (1 Mai 2021 - 15 Sept 2022)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.39 km Unna
  2. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    10.14 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    11.97 km Unna
  1. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.30 km Unna
  2. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.57 km Unna
  3. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.63 km Unna
  4. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    12.65 km Unna
  5. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    12.98 km Unna
  6. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    13.64 km Unna
  7. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.80 km Unna
  8. Vrådal Slusemuseum

    Museum som forteller historien til Nord-Europas høyest beliggende sluser, båttrafikken…

    18.01 km Unna
  9. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    18.43 km Unna
  10. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    18.93 km Unna
  11. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    21.93 km Unna
  12. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    22.47 km Unna
  13. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    22.60 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark Museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

From the Winter, Sondre's cabin with original skis outsideØverbø - Sondres heim, KviteseidØverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

view from Øverbø in Morgedal Øverbø, Morgedal, KviteseidDenne turen startar ved Norsk Skieventyr og tek deg til husmannsplassen kor skilegenda Sondre Norheim vart fødd. Sondre blei verdskjend som skisportens far.

Ikke gå glipp av