km
4 kmKunst og kultur er varemerket på denne kulturløypa som startar og endar ved Mjonøy i Vinje. Det passar fint, sidan ein då kan fylle magen med god mat frå kaféen på Mjonøy, før eller etter turen.
Turen går i lett skogsterreng langs elva. Vakre fossefall og eit canyonliknande landskap kallar fram fotoapparatet frå sekken. Er veret fint, kan ein lauge seg i Kleivastøylhylen.
Oppe på toppen av løypa inne i skogen openbarar Vinje biletgalleri seg. Biletkunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle budde og arbeidde ei tid saman i Smørklepp. Galleriet har ei stor samling av bileta deira, som er viser stemningsfulle naturskildringar og folkeliv frå Telemark.
Aktivitetar ved Mjonøy - Vinje biletgalleri
Mjonøy. Utgangspunktet for turen. Her kan du sove rimeleg og godt i gamle loft og bur, eller legge på prisen og sove i høgstandardhytter. Bakeri, utstillingar og utsal om sommaren.
Vinje biletgalleri. Biletmålaren Henrik Sørensen hadde 40 av sine somrar på Smørklepp i Vinje. Verka hans, og kunstnarvenen Harald Kihle, ser du i biletgalleriet, som ligg gøymt inne i skogen.
Vinjestoga. Barndomsheimen til Olav Aasmundson Vinje.
Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…
Handverksutstilling, handverkarverkstadar, sommarkafè, steinomnsbakeri, konsertar og…
Raulandsakademiet er eit kurssenter, eit vandrarheim og og eit levande bygdetun.
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Hva med en avslappende start på dagen eller et herlig avbrekk etter skidagen? En av…
Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…
Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…