Utforsk Telemark

EN

NO

Grimdalstunet

TypeMuseum

Borsævegen 395 A, 3880, Dalen

Legg Grimdalstunet til i reiseruten din.

Fra NOK 50,00
Grimdalstunet med leikande bjørnar i front, Skafså i Tokke, Vest-Telemark museum, Anne Grimdalen.
  • Grimdalstunet med leikande bjørnar i front, Skafså i Tokke, Vest-Telemark museum, Anne Grimdalen.
  • Reveskulptur ved tre, på Grimdalstunet, Vest-Telemark museum, Anne Grimdalen.
  • Skulpturar i utstillinga på Grimdalstunet, Vest-Telemark museum, Anne Grimdalen.
  • Gamlestoga på Grimdalstunet i Skafså.
  • Bjørneskulptur på ein autentisk fjellgard. Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.
  • Loft og bur på Grimdalstunet, Vest-Telemark museum, Anne Grimdalen.
  • Kunstutstilling i kjelleretasjen på Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.
  • Interiør frå Gamlestoga på Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.
  • Ulveskulptur av Anne Grimdalen, ute på Grimdalstunet.
  • Utstilling med Karl Erik Harrs Draumkvedet-malerier på Grimdalstunet.
  • Skulptur av Anne Grimdalen, Grimdalstunet.
  • Jenta på hesten, skulptur av Anne Grimdalen, Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.
  • Skulpturen "Mor" av Anne Grimdalen, på Grimdalstunet i Skafså.
  • Kafé og resepsjonsområde på Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.
  • Bjørneskulptur ute på Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.
  • Folk i kafeen på skulpturhuset, Grimdalstunet, Vest-Telemark museum.
  • Gamlestoga der Anne Grimdalen vaks opp, på Grimdalstunet.
Vanskelighetsgrad:
Distanse:
Tid
Terreng

Fasiliteter

Natur og terreng

  • barskog
  • kulturlandskap
  • skog
Sesong:
Passer For:

Om

Anne Grimdalen blei rekna blant våre fremste bilethoggarar på 1900-talet, og med sine betydelege og monumentale verk står ho i ei særstilling som kvinneleg utøvar av faget. 

Det store gjennombrotet kom i 1938; då vann Anne konkurransen om utsmykkinga av vestveggen på nye Oslo rådhus. I 1950 mottok ho H.M. Kongens fortenestemedalje i gull for si kunstnarlege verksemd. Her i Tokke kan du besøke Grimdalstunet, fjellbruket som var Annes barndomsheim.

På same område ligg eit museum som formidlar bilethoggarens liv og kunstnarlege virke. Her finst òg kafé, samt galleri med skiftande kunstutstillingar i underetasjen. 

Litt om Grimdalstunet
Fjellgarden Grimdalen ligg 630 m.o.h. med 10 hus og gardskvern. Det eldste huset er loftet frå 1676 og det yngste frå slutten av 1800-talet. Her ligg husa slik dei alltid har gjort, og dette gjere denne fjellgarden til eit viktig dokument på bygningar og funksjonar som måtte til på ein gard i Vest-Telemark i naturalhushaldets tid. Og så er det her Anne Grimdalen er fødd og oppvaksen, her vart eventyrjenta i norsk kunst forma.

Dei gamle husa er samla rundt eit større tun, med den gamle vegen gjennom tunet. Husa er plassert i høve til kvarandre etter tradisjon og funksjon. Uthusrekka og innhusa, badstoge og smie noko bort frå dei andre husa på grunn av brannfaren. Det vert lagt vekt på å ta vare på husa og landskapet rundt slik det var.

I den eine enden av tunet ligg museet som presenterer kunstnaren Anne Grimdalen, men ein del av hennar skulpturar er også plassert utandørs.

I underetasjen finn du ei utstilling med måleri om Draumkvedet av Karl Erik Harr I tillegg er det her årlege salsutstillingar med aktuell kunst frå heile regionen.

Frå tunet går det ein godt opparbeid turstig som har plakatar med informasjon om dyre- og planteliv.

Grimdalstunet ligg ca 9 km frå Dalen ved riksveg 45. Riksveg 45 går frå Dalen – forbi Grimdalstunet og over til Setesdal. Det er ein del av Suleskarvegen over til Stavanger.

Heimen til Anne
Om sumaren er det vanlegvis omvisning i Gamlestoga, der Anne budde i oppveksten. Folk får sjå korleis Anne levde og korleis livet var på ein fjellgard for 100 år sidan. Inventaret er slik det var då Anne voks opp. Dei som vitjar tunet, gjev ofte uttrykk for verdien av å sjå oppvekstsvilkåra til kunstnaren – for så å ta turen inn i museet.  

Anne Grimdalen (1899 - 1961)
Bilethoggaren Anne Grimdalen vart fødd i 1899 på garden Grimdalen i Skafså i Tokke kommune. Ho voks opp i ein syskenflokk på 10. Som ung jente reiste Anne til Oslo. Ho gjekk på fyrst på Kunst- og handverkskulen og seinare Kunstakademiet. Samstundes måtte ho jobbe som hushjelp for å klare seg økonomisk. Hennar historie, frå oppveksten her på den avsidesliggjande fjellgarden Grimdalen, til gjennombrotet som kvinneleg kunstnar er nesten utruleg. Det skjedde som tidlegare nevnt i 1938. Då vann Anne konkurransen om utsmykking av Oslo rådhus og blei landskjend.
Anne er òg kjend for dei mange barne- og dyreskulpturane ho har laga, og vert rekna som den norske bilethoggaren som er representert med flest arbeid i utlandet.

Les også: Eventyrjenta frå fjellgarden og Dei fire store - bilethoggarar frå Vest-Telemark

Anne Grimdalen døydde i Oslo - 61 år gamal. Ho var ugift. Etter hennar død blei det bygd eit museum på garden der ho vaks opp. Museet opna i 1973, og her er mange av skulpturane hennar samla.

Kunstmålar Henrik Sørensen kalla Anne Grimdalen for Eventyrjenta i norsk kunst. Det seier noko om kva kunstnarpersonlegdom Anne Grimdalen var.

Museet er ope i sommarsesongen.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: booking@vtm.no
Tlf: 30509090

Fasiliteter

Aktiviteter

  • aktivitetsløype
  • Guiding
  • natursti

Forretningstilbud

  • håndverk
  • husflid
  • kunst
  • kunstbøker
  • kunsthåndverk

Generelle fasiliteter

  • butikk
  • gratis parkering
  • kafé
  • omvisning av anlegget
  • parkeringsplass ute - gratis
  • sesong
  • wc

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • husflid
  • husflidsutstilling
  • malerier
  • omvisning etter avtale
  • skulpturer
  • utsalg

Natur og terreng

  • barskog
  • kulturlandskap
  • skog

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Born 6-15 årNOK 50,00 entre
FamiliebillettNOK 250,00 per dag
Grupper Min. 10 stk. Kr. 800,- i omvisargebyrNOK 80,00 entre
Honnør/studentNOK 80,00 per dag
VaksenNOK 100,00 entre

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Veibeskrivelse

Ligg langs Rv. 45 mellom Setesdal og Dalen i Telemark.

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Sommarsesong med faste omvisingar kl 12:00, 14:00, 16:00 (25 Jun 2024 - 15 Aug 2024)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

* Omvising for grupper kan tingast heile året, så sant vér og føre tillet det.

Også i nærheten

  1. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    5.27 km Unna
  2. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    5.61 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    6.26 km Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    7.48 km Unna
  2. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    7.57 km Unna
  3. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    8.45 km Unna
  4. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    10.34 km Unna
  5. Folkestadbyen

    I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal.…

    26.27 km Unna
  6. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    26.39 km Unna
  7. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    27.61 km Unna
  8. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    27.87 km Unna
  9. Vrådal Slusemuseum

    Museum som forteller historien til Nord-Europas høyest beliggende sluser, båttrafikken…

    31.10 km Unna
  10. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    32.39 km Unna
  11. Telemarkstunet ved Raulandsakademiet

    Handverksutstilling, handverkarverkstadar, sommarkafè, steinomnsbakeri, konsertar og…

    32.42 km Unna
  12. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    32.46 km Unna
  13. Raulandsakademiet

    Raulandsakademiet er eit kurssenter, ein vandrarheim og og eit levande bygdetun.

    32.51 km Unna
Previous Next

Se også

Grimdalstunet, TokkeHeimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i Telemark. Dei eldste husa er frå 1600-talet. Rett ved finn du óg eit moderne skulpturgalleri med mange av Anne sine skulpturar, kunstutstillingar i underetasjen og Draumkvedet-måleri av Karl Erik Harr.

Ikke gå glipp av