km
14 kmTopptur til flyvrak
Skorve er eit av dei høgaste fjella i Seljord, med to toppar, Gøysen (1370 moh.) og Nordnibba (1365 moh.). Under andre verdskrig styrta to fly på Skorve. Desse tragiske hendingane gjekk føre seg hausten 1944. Det eine var eit alliert fly som var ute med våpenslepp til den norske heimefronten. Berre ein månad seinare styrta nok ei fly i Skorvefjella, på Hestnutan, nokre få kilometer mot nordvest. Dette var eit tysk passasjerfly. Vrakdelane ligg framleis i terrenget som ei påminning om krigskampane i Telemark.
Flott og krevande dagstur med formidabelt utsyn over fjellheimen i Telemark. Du kjem raskt over tregrensa så sørg for å pakke sekken med ekstra varme klede og vindtett jakke. Hugs at veret kan skifte fort i fjellet!
Starten på turen er bratt og du går gjennom tett skog som etterkvart opnar seg og du får flott utsikt utover Kivledalen. På vegen opp er det skilta så du kan oppleve vraket av Liberatoren som ligg ved Gøysen. Det høgaste punktet på turen er varden på Gøysen 1370 moh. Her kan du nyte utsikta over mest heile Telemark!
Startpunkt
Startpunktet for stigen er i Kivledalen, ved parkeringsplassen på Haugan. Når du har nådd varden på Gøysen kan du sjølv velje om du vil gå same vegen tilbake (10,2 km tur/retur) eller om du vil ta turen vidare til den nest høgste toppen, Nordnibba (1365 moh). Vel du rundturen (14 km) følgjer du stigen frå Nordnibba vidare ned gjennom Finndalen til Skriustøl. Frå Skriustøl følgjer du grusvegen tilbake til parkeringsplassen på Haugan.
Køyreforklaring
Start turen ved turistinformasjonen i Seljord sentrum. Køyr 500 m vestover. Sving til høgre opp Gullnesvegen. Du køyrer gjennom eit byggjefelt med mange stikkvegar til høgre og venstre, men hald deg på Gullnesvegen. Du køyrer 10 minutt på grusvegen inn i Kivledalen, til P-plassen ved Haugan.
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Museum ved Småstraum Sluse som viser og forteller historien til Nord-Europas høyest…
Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark med attraksjoner for store og små. Ta med…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…