Utforsk Telemark

EN

NO

Lårdalstigen

TypeVandring

Eidsborgvegen 361A, 3880, Dalen

Legg Lårdalstigen til i reiseruten din.

  • film
  • Utsikt fra Lårdalstigen på Dalen
  • gå Lårdalstigen
  • Product Image
  • utsikt fra Lårdalstigen
  • Utsikt mot Dalen
  • Heddebu - ei lita hytte langs turstien som er open for bruk og overnatting. Skriv deg gjerne inn i gjesteboka vår!
  • Lårdalstigen
  • Lårdalstigen på Dalen
  • Utsikt fra Lårdalstigen i Telemark
  • Velkomen Vandrar!
  • Utsikt frå "Storstein" mot Dalen
  • Lårdal - eit kjærkomment syn etter ein lang marsj!
  • Lårdalstigen
  • Fiskeørn
  • Bergfrue. Kåra til Noregs nasjonalblom på ein internasjonal botanisk kongress i 1935.
  • MS Henrik Ibsen kjem inn til Lårdal Bryggje
  • på kanalbåten til Dalen

Om

Om turen

Fantastisk tur med spektakulære utsynspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen. 

Langs turvegen får du innblikk i gamalt kulturlandskap og historiske stader, og du kan mellom anna lese segnet om Risen og Gygri og sjå fjellformasjonen som dannar bakgrunnen for segnet. Her er det også ein variert flora, og geologien er spesiell. Kanskje får du også auge på fiskeørna?

Kor startar turen? 

Dei fleste vel å starte på toppen av Eidsborgberget, ovanfor Dalen, og gå mot Lårdal, men det er og mogleg å starte i Lårdal å gå motsett veg.

Me vil anbefale at de startar på Dalensida og går til Lårdal, då det er ei mykje finare turoppleving! Planlegg turen og start tidleg om morgonen (kl. 08-09), så rekk du ettermiddagsbåten fint. Du må rekne ein 7-8 timar på turen (minumum 6 timar). Parker bilen din på bryggjeområdet på Dalen (langtidsparkering på motsett side av bobilparkeringa), her kan du stå gratis. Ring Tokke Taxi på tlf. 909 71 909 som køyrer deg opp til startpunktet i Eidsborgberget (4 km) til ein fastpris på kr. 200. Ha med godt med drikke, god niste og tursnacks og ha på gode tursko. 

Nyt returen frå dekk på ein av dei gamle rutebåtane M/S Victoria eller M/S Henrik Ibsen på Telemarkskanalen. Hugs å å bestille båtbilletten på førehand på www.telemarkskanalen.no

Den vakre bygda Lårdal ved Bandak byr på idylliske plassar og eit koseleg bryggjeområde med ferjeleie for båtane på Telemarkskanalen. Her er det både serveringsstad og overnattingsstad. 

Turfakta:

Lengde: 14 km éin veg

Tidsbruk: 6–8 timar

Gradering: Krevjande/ekspert

Høgaste punkt: Gløstøylnuten 848 moh.

Tilgjengeleg: mai–oktober 

Turkart: Tokke 1 : 50 000

Ha på vanntette tursko med gode solar, eller fjellsko, og ha med rikeleg med vatn (minst 2–3 liter på varme dagar). Det er ikkje lett å finne vatn langs stigen.

Kanalbåtane har fast anløp inn til Lårdal om ettermiddagen. Henrik Ibsen går frå Lårdal måndag, onsdag, fredag og sundag kl. 17.10 og Victoria går tysdag, torsdag og laurdag kl. 17.55. 

Ruteplan Telemarkskanalen 

Nyttige telefonnummer: 

M/S Victoria: +47 951 14 395

M/S Henrik Ibsen: +47 948 89 906

Tokke Taxi: +47 909 71 909

Kontakt oss gjerne på turistkontoret på Dalen før du legg ut på tur. Her får du kart og god info. Tlf. +47 35 07 56 56, info@visitdalen.com

Vandrepakke: 

Kombiner Lårdalstigen med ein historisk kanalbåttur på Telemarkskanalen og overnatting på eventyrhotellet Dalen Hotel

Frå kr 2545,- per person/natt i dobbeltrom. Pakka er tilgjengeleg i kanalsesongen.

Inkludert i pakka er båtbillett Lårdal-Dalen og 3 rettars middag på Dalen Hotel. Av hotellet får du låne tursekk med termos og kart, og med deg på turen kan du ta med ei sjølvsmurt nistepakke, drikke, kaffe/te og frukt. https://www.dalenhotel.no/hotellpakker/lardalstigen/

For forespørsel eller reservasjon av pakker, kontakt hotellet direkte på telefon +47 35 07 90 00 send e-post til post@dalenhotel.no eller book på www.dalenhotel.no

 

Fasiliteter

Adgang /Tillgang

  • turstier- merkede

Aktiviteter

  • båtturer
  • fjellvandring
  • fotturer
  • fritidsaktiviteter
  • turstier

Avstand

  • lengde i km - 14 km

Gradering

  • ekspert
  • krevende

Målgruppe

  • Voksen

Natur og terreng

  • bratt
  • fjell

Sesong

  • mai - oktober

Varighet

  • 8 timer

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Køyreforklaring 

Om du kjem langs E-134, tek du av i Høydalsmo på Fv 45 mot Dalen. Om lag 1 km etter at du har passert Eidsborg, er det avkøyring på venstre hand skilta Lårdalstigen. 

Frå Dalen følgjer du FV 45 mot Høydalsmo. På toppen av Eidsborgberget, etter alle svingane og etter ca. 4 km, er det avkøyring på høgre hand skilta Lårdalstigen. 

Parkering ved enden av grusvegen. Ver vennleg å ikkje parkere framom tunnelinngangen. 

Om du vel å starte turen i Lårdal, kan du følgje skiltinga mot Lårdal frå Fv 45 mellom Høydalsmo og Dalen. Halvvegs nede i grenda Lårdal er det parkering på venstre sida ved Eben-Ezer. 

 

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Dalen Bryggjeutstilling med "Fotobonden"

    Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av "Fotobonden" Jostein Hellevik, og ei…

    624 m Unna
  2. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    632 m Unna
  3. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    981 m Unna
  1. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde

    995 m Unna
  2. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    1.13 km Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    1.59 km Unna
  4. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    1.66 km Unna
  5. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    1.81 km Unna
  6. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    1.84 km Unna
  7. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    2.41 km Unna
  8. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    5.63 km Unna
  9. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    6.39 km Unna
  10. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    8.80 km Unna
  11. Bandaksli Bryggje

    Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…

    10.32 km Unna
  12. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    11.10 km Unna
  13. MS Victoria

    M/S Victoria er kjent som kanaldronningen og er å anse som Telemarks flaggskip. M/S…

    93.60 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av