Fyresdal bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Det ligg vakkert til i Øyskogen, ein park i sentrum av Fyresdal.
Bygdemuseet har bygningar og gjenstandar frå mellomalderen og frametter, og gjev glimt frå den eldste historia til Fyresdal.
Husa i museet er opne i sommarsesongen. Det er ingen fast omvisar, og tilgang er gratis.
Omvisingar for grupper er mogleg og kan tingast frå turistinformasjonen i Fyresdal tlf. 35 04 14 55 eller ved å kontakte Vest-Telemark Museum.
Gravhaugane
I hundrevis av år har Øyskogen vore heilag grunn.
For akkurat her finn me eit av Noregs vakraste gravfelt frå folkevandringstid.
Det er ingen tvil om at det har vore ein sentral kultstad i historisk tid.
Å byggje ein gravhaug var ei viktig religiøs og politisk handling. Den var eit maktsymbol både for personen som ble hauglagt, for ætta og bygda.
Men haugen var også ein kultstad for å oppnå direkte kontakt med både forfedrane og gudane gjennom blót.
Ein gravhaug kunne variere i storleik, og ein trong god planlegging og godt med arbeidskraft og ressursar for å byggje ein.
Folk hadde ikkje råd til å byggje store flotte haugar til alle, og difor vart oftast berre ein i kvar generasjon hauglagt. I folkevandringstida var det også vanleg å ha større felt med haugar, som her i Øyskogen.
Ein trur at gravhaugane i Fyresdal er bygd i yngre jernalder, det vil seie frå 400 – 600 etter Kristus. Det betyr at nokre av haugane kan vere 1600 år gamle.
Folkestadbyen
I andre halvdel av 1800-talet vaks det fram ein «by» i Fyresdal - Folkestadbyen.
Folk flytta fra gardane og søkte lønsarbeid, til dømes i skogbruket, og slo seg ned der det var høve til handel og transport. Byen oppstod kring handelslaget på Folkestad, som knutepunkt mellom båttrafikk på Fyresdalsvatnet og køyrevegen til Bandakslid.
I 2015 blei det sett opp skilt så ein kan ta ein «byvandring» i Skippergata og Lensmannsgata, og lese om dei einskilde husa der.
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 700,- | NOK 60,00 pr. person |
NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.
Bygningane er opne for innsyn måndag til laurdag om sommaren, i butikkanes opningstid. (25 Jun 2022 - 14 Aug 2022) |
---|
* Det er høve for grupper å bestille omvising heile året, så sant vér og føre tillet det.
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…
Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…