
Myllarheimen
Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, levde dei siste åra av livet sitt.
Om
Myllarheimen er husmannsplassen Kosi der den kjende felespelaren Myllarguten levde dei siste åra av livet sitt.
Myllarguten heitte eigentleg Torgeir Augundson (1801-1872) og vart fødd i Sauherad. Tilnamnet fekk han fordi han var son av ein myllar.
Familien var fattig og levde eit hardt og omflakkande liv. Allereie då han var fem år gamal byrja Myllarguten å spele, og han vart etterkvart ein svært ettertrakta gjestebodsspelemann.
Han spela rundt i distrikta, og møtte mange store spelemenn som han let seg inspirere av. I 1831 trefte han Ole Bull i Bergen, og Bull vart svært imponert over spelet til Myllarguten. I 1849 arrangerte Bull ein konsert i Logen i Kristiania der Myllarguten var hovudattraksjon. Konserten vart ein suksess, og Myllarguten opparbeidde seg eit stort publikum.
Men på slutten av 1850-åra snudde lykka seg. Den nasjonalromantiske perioden var på hell, og med dette også interessa for «bondespelet».
Myllarguten busette seg etterkvart i Vest-Telemark, og då han var rundt 30 år gifta han seg med Ingebjørg Eddanshaugen frå Edland. Dei fekk i alt 10 barn, men tre av desse døydde tidleg.
Kosi er husmannsplassen der Myllarguten levde dei siste åra av livet sitt, og her døydde han som ein einsam og fattig mann.
Tronge kår
Etter å ha tent godt på konsertar i Christiania i 1849 og i Bergen i 1850, kjøpte Myllarguten, Torgeir Augundson, Sudistog Øygarden i 1852. Nokon dugande gardbrukar og økonom var han ikkje, såleis laut han gå frå garden vel ti år seinare.
Han fekk halde att ein liten teig han kalla Kòsi, sette opp fire hus der, og budde der frå våren 1866. Stoga kom frå Bronelid, ein plass vestom Totak. Løa og eit lite bur flutte han med seg frå Øygarden. Fjos fekk han til av ei gamal badstoge einkvar stad frå.
– Reis’ i frå Øygarden, reise mot sud
lengst inn i armodi dreg eg vel no –
Seks år seinare, den 21. november 1872, gjekk Myllarguten bort. Ein pråm var heile likferda.
Plassen blei ståande ubruka, og kom etter kvart til nedfalls. Litt etter år 1900 blei stoga rivi. Det som var nyttande – some seier ein einaste stokk, andre seier meir – kom til Nordjordet lengre ut i Arabygdi og blei bygt inn i ei ny stoge der.
Denne stoga blei bruka til bustad fram til 1958. Ho blei rivi att i 1989 og stend no som anneks til ein hytteeigedom på Haddland.
Ville minnast Myllarguten
I 1938 kom kunstmålaren Harald Kihle til Arabygdi. I tidsskrift for Norsk bygdekunstlag 1949 skreiv han og kollegaen Kristian Kildal ei sterk oppmoding om å taka vare på det som var att av minne etter Myllaren.
Rauland bygdekunstlag (seinare Rauland bygdelag) med Øystein Kostveit som leiar, tok opp hansken frå desse to. Ein fekk Rauland kommune til å kjøpe grunnen og det som var att av husa, buret og løa, av eigaren, Steffa Øygarden.
Ein fann det lite tenleg å bruke stoga i Nordjordet. I staden fekk ein hand om ei tilsvarande stoge, frå Glosimot i Bjålidmarki. Opphaveleg stod ho som eldhus i Nord-Svalastog på Haddland.
Det praktiske arbeidet blei utført på dugnad. Olav Midgarden, soneson av Myllaren, såg til at alt blei som det hadde vore, så langt råd var. Bror hans, Tarjei Skinand, mura skorsteinen i lag med Aslak Øygarden.
Ymse eigedelar etter Myllaren blei samla inn.
Den offisielle opninga av Myllarheimen var 8. juli 1951, med 2000 menneske til stades i den veglause bygda.
Minnesmerket, som er utført av Dyre Vaa, blei avduka 24. august 1969.
Sted
Praktisk informasjon
- Museum
- Kulturminne
Arrangementer i nærheten

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Våronn med museumsbonden 2026
Museumsvegen 9, Eidsborg, 3891 Høydalsmo

Oldemors Gatefrukost på Dalen
Dalen Sentrum, 3880 Dalen
Klypping av sau på gamlemåten
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ljåslått, hesjing og kinning av smør
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga og smed i smia
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Lefsebaking, skoing av hest, karveskurd og åkerarbeid
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Garving av skinn og heimelaga såpe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Slåttedagar: Slått og hesjing på museet
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og metallknipling i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ysting av kvitost og arbeid på åkeren
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ull- og lindag og smiing på museet i Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Aktiviteter i nærheten

Haukeli Husky
Arabygdvegen 800, 3864 Rauland

Reinparken sykkel - og aktivitetspark
Edland Skule Storegutvegen 50, Storegutvegen 50, 3895 Edland

Henrik Sørensen i Smørklepp
Smørklepp 92, 3893 Vinjesvingen

Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle
Smørklepp 92, 3893 Vinjesvingen

Mjonøy - Smørklepp kunstmuseum
Mjonøy, 3890 Vinje

Vinjesenteret
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje

Vinjestoga
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje

Telemarkstunet ved Raulandsakademiet
3864 Rauland

Raulandsakademiet
3864 Rauland

Falkeriset, Rauland, Hardangervidda
3864 Rauland

Rauland i vinter-Telemark
3864 Rauland
Skinnarlandsamlinga på Rauland
Nedre Såtehov 4, 3864 Rauland

Vinje
Vinjeveien 192, 3890 Vinje

Dyre Vaa-samlingane i Rauland
Midtre Såtehov 3, 3864 Rauland

Spegle
Raulandsvegen 204, 3890 Vinje

Badstue til Spegle
Raulandsvegen 204, 3890 Vinje

Spegle Hyllandsfoss
Spegle, Raulandsvegen 204, 3890 Vinje





























