
Om
Velkomen til Bandaksli!
Soveboksen er nå tilgjengelig for booking.
Soveboksen i Bandaksli er eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar langs Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar, i køyeseng utstyrt med madrass. Ta med sovepose til å ligge i. Her er også ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. Det er straumuttak inne i soveboksen til lading av telefon m.m. Det er ikkje tilgang på drikkevatn, så det må ein ha med.
Overnatting i soveboksen kostar kr. 300,- per person per natt. Når du bookar soveboksen, er det din private booking i tidsrommet du har booka.
Opphaldet du bookar gjeld for ei natt av gangen. Soveboksen er tilgjengeleg frå kl. 12.00 ankomstdagen til kl. 11.00 neste dag. Om du ynskjer å booke fleire netter er dette sjølvsagt mogleg å gjere i bookingkalenderen, ved ledig kapasitet. I bookingkalenderen kan du også endre dato for bookinga eller avbestille. Opphaldet ditt refunderes ved avbestilling 7 dager før ankomst.
Nøkkelen finn de i kodeboks ved døra. Koden får du når du har booka. Nøkkelen er ditt ansvar å passe på medan du brukar soveboksen. Ved avreise, lås soveboksen og legg nøkkel tilbake i kodeboksen og lukk denne.
Bruk møblar og utstyr, men heng det tilbake på veggen innan de reiser vidare. Etterlat pakkbua i den stand de sjølve ynskjer å finne den! Rydd, og hugs å ta med søpla di.
Toalett (utedo) finst på baksida av bygget.
Vi håpar de får eit fint opphald!
Fiske
Ynskjer de å fiske i Bandak så er det fiskereglane for sone 2 som gjeld her. Fiskekort for Bandak får de kjøpt på fishspot.no
Arkitektur
Det er Feste Landskap/Arkitektur som har teikna soveboksen, på oppdrag for Telmarkskanalen Regionalpark og i samarbeid med Tokke kommune. Midtbø Bygg AS har bygd soveboksen.
Telemarkshistorier – Friluftsliv på første klasse
Historia
Det var Åmdals Verk Gruver (kopargruver) som danna grunnlag for bryggjeanlegget i Bandaksli. Bryggja blei anlagt omkring 1860, og blei nytta til utskiping av malm. På bryggja var det pakkhus, lasterampe, butikk og lager og ned hit førte ein taugbane i 350 meters fall. Malmen blei frakta med hest til toppen av lia, deretter med taubanen ned til malmlageret som ligg omkring 100 m. vest for bryggjeanlegget.
Då det ikkje var djupt nok for større båtar blei det etter kanaliseringa bygd ei ny bryggje i Bandaksli i driftsåret 1908/09. Bryggja er ei flaumbryggje, det vil seie at den hadde ulik høgde slik at den kunne fungere ved ulik vasstand.
Det er ei flott fotoutstilling inne i pakkhuset der du kan lære meir om livet i og rundt Bandaksli før i tida.
Frå bryggja er det 15 km opp til Åmdals Verk Gruver. Her kan du oppleve flotte utstillingar og bli med på gruvevandring.
Ved bryggja i Fjågesund er det også ein tilsvarande soveboks, book soveboks i Fjågesund også i kanalsesongen.
Sted
Praktisk informasjon
- Unike overnattingssteder
- Annen overnatting
Arrangementer i nærheten

Glade Maidagar på Dalen 18. og 19. mai
Lastein Bryggje, 3880 Dalen

Våronn med museumsbonden 2026
Museumsvegen 9, Eidsborg, 3891 Høydalsmo

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Oldemors Gatefrukost på Dalen
Dalen Sentrum, 3880 Dalen
Klypping av sau på gamlemåten
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ljåslått, hesjing og kinning av smør
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga og smed i smia
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Lefsebaking, skoing av hest, karveskurd og åkerarbeid
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Garving av skinn og heimelaga såpe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Slåttedagar: Slått og hesjing på museet
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og metallknipling i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ysting av kvitost og arbeid på åkeren
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Aktiviteter i nærheten

Lårdal Gjestebrygge
Strandine 1, 3891 Høydalsmo

Tretoppiglo ved Lårdalselva
Lårdalsvegen 521, 3891 Høydalsmo

Lårdal Tretopphytter
Lårdal Tretopphytter Elvehytta - v/ Småbruket Tvigyva, Lårdalsvegen 527a, 3891 Høydalsmo

Sykkelrute Fossum -Folkestadbyen
3870 Fyresdal

Høydalsmo om vinteren
Høydalsmo, 3891 Høydalsmo

Via Ferrata i Fyresdal
Telemark Camping, Fyresdal, Norge

Telemark Camping
Fyresdalsvegen 620, 3870 Fyresdal

Telemark Camping & Motell
Fyresdalsvegen 620, 3870 Fyresdal

Fyresdal - Roan
Hauggrend, 3870 Fyresdal

Lindeviki padlehuk og kanocamp Telemarkskanalen
3880 Dalen

Åmdals Verk gruver
Åmdalsvegen 42A, 3882 Åmdals Verk

Øyfjell bygdemuseum
Øyfjellvegen 809, 3890 Vinje

Lårdalstigen
Eidsborgvegen 361A, 3880 Dalen

M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Telemarkskanalen Skipsselskap – M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Dalen Bryggjekafé
Storvegen 2, 3880 Dalen

Brynesteinsbrotet
Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo












































