BLI LYTTEVENN!
Betre lesing
og kontakt mellom generasjonar
Likar du å lese, vere saman med barn og har tid til overs?
- Som lyttevenn kan du hjelpe barn til å bli glade lesarar.
LYTTEVENN
er et prosjekt der vaksne med ledig tid på dagen kjem til skulens 3.trinn ein dag i veka for å lytte medan elevane les høgt. Lyttevennene kjem til den same elevgruppa sju veker på hausten og sju veker på våren. Ved å lytte til eleven sin høgtlesing 10-15 minutt kvar veke er du med på å gi leselyst og auke forståing av samanheng, vanskelege ord og uttrykk. Du skal ikkje vere ein lærar, men ein vaksen som eleven kan lese saman med.
Skulen har ansvar for opplæringa og elevane har med seg bøkane dei skal lese til Lyttevennen. Gjennom LYTTEVENN blir det skapt gode relasjonar mellom generasjonane som alle set pris på.
Kven kan bli lyttevenn?
Alle som har ledig dagtid og liker å vere samen med barn kan bli lyttevenn. Om du liker å lese er det ein fin måte å dele leseglede på. Det viktige er likevel å lytte så eleven får lesetrening. Når du melder deg som lyttevenn får du hjelp til å hente politiattest som skulen oppbevarer. Alle lyttevenner signerer taushetserklæring.
Barn treng lesetrening, og ein vaksen person med livserfaring og kunnskap om mykje er god å ha når eleven les boka. Lyttevennen får inga løn, men betaling i form av å bli satt pris på, både av skulen og av borna, og dei skal ikkje erstatte fagpersonar.
Vil du bli lyttevenn?
Vi organiserer Lyttevenn på Tveit skule og Kyrkjebygda Oppvekstsenter.
Vil du bli Lyttevenn ta kontakt med Lyttevennkoordinator ved Nissedal Folkebibliotek; Kristin Vågen 40920832.
Skulens kontaktperson; Linda Solberg og Even Holskar
Infomøte på biblioteket måndag 22.august kl 10, velkommen om du vil vite meir.
Eit samarbeid mellom Nissedal pensjonistlag, Nissedal Frivilligsentral,
Kyrkjebygda oppvekstsenter, Tveit skule og Nissedal folkebibliotek
Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…