Sykkelruta byr på storslått natur med dalar, vatn, fjell og kulturlandskap. Det finnast mange myter knytt til landskapet og området tiltrekker seg kunstnarar frå inn- og utland. Sykkelturen er flott i seg sjølv, men tar du ein prat med lokalbefolkningen, så kan du høyre forteljingar om gygrene, feleslåttar, folkeferdet, bondekulturen og det blå ljoset. Nutheim gjestgiveri og kunstnarhotell er ein naturlig stad å eta lunsj og få nokre gode historiar. På vegen mellom Nutheim og Åmotsdal held Dalegubben auge med deg. Sjå etter ansiktet hans i fjellveggen sør for vegen. Du syklar forbi Eva Bull Holtes museum i Åmotsdal og vi rår deg til å legge inn ei pause for å sjå på det flotte galleriet. Når du tar av ved Drivarbekk gjeng turen forbi det flotte Gjevarvatn kor det er fleire plassar å ta seg eit forfriskande bad. Turen fortset til Langlim, ei lita bygd som fyrst fekk veg i 1958. Vatnet Sundsbarm er ein del av Skiensvassdraget og er regulert til kraftformål. Når du kjem dit, kan du sykle «Millionvegen» ned til Seljord sentrum. På denne strekninga bør ein ha sykkel med grove dekk.
Sist viste
Utstilling
Program:
– Opningstale ved Ann Kristin Aas, styremedlem i Norske Kunsthåndverkere
– Torhild Grøstad…
Film
Ei ung jente og venene hennar må hjelpe ein magisk yeti med å finne vegen heim til familien sin i…
Museumsarrangement
Margit Grønlid bakar brau på tunet i dag frå 12 - 15. Kom og sjå, lukt, smak og lytt! Me har ny…
Teater
Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik og Herborg Kråkevik har ei høna plukka med dei…
Friluftsliv
Vandring kl 10.30 frå Hjartdal til Blika i Svartdal. Oppmøte Rogrendvegen 13 i Hjartdal.…
Familie/barn
Åse Marit Kleiv Dale syner plantefarging på husmannsplassen.
Plantefarging er den eldste kjente…