
Den 7 km lange Skarsvegen gjeng frå Svartdal til Åmotsdal. Frå gamal tid var han hovudvegen frå Seljord og mot Rauland og Vest-Telemark. Nasjonalt verneverdig 1800-talsveg, ideell for fotturar. Langs vegen kan ein oppleve natur- og kulturlanskap med spor etter gamal busetnad.
Praktisk informasjon
Om turen
Ein tur som passar fint som dagstur med bilskyss i eine enden eller tur-retur. Langs vegen finn du mange skilt med informasjon om den gamle ferdselsåra mellom bygdene. Turen passar godt på vår, sommar og haust. Turen passar for dei fleste då det stort sett er jamn stigning i terrenget. Hugs gode sko, godt og drikke og mat på turen.
Det er også mogleg å gjere turen kortare ved å ta av ned til Dyrlandsdalen. På sundagar er det mogleg å få seg ein kaffe og bakevarer på SkuleHuset i Dyrlandsdalen.
Val av rute:
Ein kan velje å starte turen enten i Svartdal eller frå Fossheim i Åmotsdal. For dei som ynskjer ei rolegare stigning er det anbefalt å gå frå Åmotsdal i retning Svartdal.
Slik kjem du deg til Skarsvegen
Køyr frå Seljord sentrum langs E134 mot Flatdal. Ta av inn på Sogevegen om Nutheim og følg skilting til Svartdal. Ta av inn til Svartdal og følg Svartdalsvegen i ca. 2 km til du ser skilting inn til Skarsvegen på venstre side.
Parker i ei lomme langs vegen.
Går du frå Åmotsdal kan du parkere langs Heivegen.
Kart og meir informasjon finn du ved å laste ned Fintur-appen!
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…