Utforsk Telemark

EN

NO

Opning av utstilling Kviteseid Bygdetun

TypeAndre arrangement

Fjågesundvegen 12, 3850, Kviteseid

Legg Opning av utstilling Kviteseid Bygdetun til i reiseruten din.

Måleri av Knut Flatin

Om

Program for dagen:

​​​Kåseri om Nordskogfamilien ved Sigrid Eilefstjønn.

Torhild Grøstad vil fortelje litt om kunsten til Knut Flatin.

Elles vert det nokre små overraskingar og litt song/allsong.

Sal av graut, vafflar, kaffi, brus og is.

Ta gjerne med stol.

Inngang kr 100,-

Born gratis.

Knut Flatin er årets utstillar i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun. Målaren og grafikaren frå Seljord kan sjå tilbake på eit langt og aktivt kunstnarliv. Han debuterte som 19-årig kunststudent med teikning på Statens høstutstilling i 1967.
I dag er han representert med arbeid i fleire faste galleri og samlingar, m.a. Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Norsk kulturråd.

Vegen frå ung, talentfull bygdekunstnar med røter i folkekunst og folkemusikk, til kunstnar med eit lyrisk abstrakt formspråk, har tildels vore utfordrande. I ein periode arbeidde Knut Flatin figurativt, men inspirasjon frå studier, reiser og tendensar i tida prega han etterkvart meir og meir.

Naturoppleving, musikk og inntrykk frå reiser har vore, og er framleis viktige inspirasjonskjelder for bileta hans. Flatin meiner sjølv at det er nærliggande å samanlikna arbeidsmåten og tilnærminga med musikalske komposisjonar og uttrykk:

«Med komposisjon meiner eg fordeling av farge og valørar, slik at det oppstår spenning og liv. Stikkord her er ei blanding av kontroll, spontanitet og eksperiment, samt harmoni og disharmoni. Fargen er ei berande kraft. med farge kan det meste seiast - og er dette intererssant for andre så oppstår dialog».

77-åringen hadde separatutstilling sist på Galleri Heer i Oslo hausten 2021, og i Låvegalleriet på Nutheim i 2019. Ein kan og nemne at det er omtrent 50 år sidan han hadde separatutstiling i Seljord kunstforening for fyrste gong.

Utstillinga i Kviteseid er tilgjengeleg i bygdetunets opningstider; tirsdag til sundag kl. 11-17 i perioden 25. juni til 15. august 2022.

 

 

Velkomen! 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Også i nærheten

  1. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    42 m Unna
  2. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    176 m Unna
  3. Kviteseidbyen

    Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…

    5.43 km Unna
  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    14.78 km Unna
  2. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    16.95 km Unna
  3. Fjoneferja

    Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet mellom Nissedal og Fjone.

    20.01 km Unna
  4. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    26.01 km Unna
  5. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    30.98 km Unna
  6. Z-Museum

    Samlingene hos Z-Museum i Treungen omfatter tusenvis av sjeldne objekter. Her kan du gå…

    38.22 km Unna
  7. Jettegrytene

    Vatnet har forma eit stort stykke kunstverk sør i Nissedal. Jettegryter på rekkje og rad…

    47.49 km Unna
  8. Hillestad Galleri

    Hillestad Galleri har stort utvalg i moderne brukskunst, gavebutikk og kafé.

    64.02 km Unna
  9. Piano Interiør

    Piano Interiør er en butikk som selger god stemning. Å ta det “piano” betyr i…

    65.01 km Unna
  10. Elvarheim Museum

    Museet forteller om Åmlis kultur- og naturhistorie. Her finnes en samling av utstoppede…

    65.08 km Unna
  11. Frolands Verk

    Et stykke kultur på Sørlandet. 

    95.05 km Unna
  12. Birkenes Bygdemuseum Grasham

    Grasham gård er Birkenes bygdemuseums kjerne.

    118.24 km Unna
  13. Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk

    Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk - er Norges eneste torvstrømuseum.

    119.16 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av