
Velkomen til norsk-amerikansk sundag på museet i Morgedal!
Denne dagen byr me på både utstillingsopning og konsert, med høve til å ete middag i mellom.
Du kan anten delta på alt, eller velje det du finn mest interessant.
Utstillingsopning kl. 14.00
SKY CRASHERS - BRØRNE HEMMESTVEIT OG AURORA SKI CLUB
Historia om to kongepokalvinnarar og emigrantar frå Morgedal som var med på å starte den internasjonale hoppsporten i Amerika
Innlegg og omvising i utstillinga.
Utstillingsopninga er gratis.
Høve til å spise middag i museumskafeen mellom tilstellingene, med lammeskank, røye eller viltkarbonade på menyen!
Konsert kl. 16.00
LAURA ELLESTAD OG OTTAR KÅSA: HARDINGFELA I NORD-AMERIKA
Opplev eit møte mellom den norske og den amerikanske hardingfeletradisjonen! Emigrantane til USA tok med seg si norske kulturarv – og hardingfela. I konserten vil Kåsa og Ellestad utforske den rike tradisjonen av slåttemusikk i både Noreg og Amerika med spesielt fokus på korleis det norske spelet har utvikla seg vidare «over dammen».
Ottar Kåsa er norsk hardingfelespelar og prisløna felemakar frå Arabygdi. Han er utdanna felemakar frå Ole Bull Akademiet på Voss. Musikkutdanning har han frå Folkekulturstudiet i Rauland. Laura Ellestad kjem opphavleg frå Canada, men har røter frå Ellestad i Valdres. Ho er både hardingfelespelar og forskar og underviser i folkemusikk på USN. No er ho òg den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule.
Konserten er eit samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter.
Inngang konsert: 200,-
Halv pris med museets årskort for 2026
| Utstillingsopning og konsert på Norsk Skieventyr i Morgedal (3 Mai 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Søndag | 14:00 | - 15:00 |
| 16:00 | - 17:00 | |
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Fjoneferja i Nissedal, MF Nissen, frakter passasjerer og biler over det vel 500 meter…
Besøk Z-Museum i Treungen, Telemark. Opplev over 50 temautstillinger med sjeldne biler,…
Bli med til Jettegrytene i Nissedal! Naturlige sklier, krystallklare kulper og varme…
Hillestad Galleri åpnet i 1985. Siden den gang har det blitt mange utstillinger av kjente…
Piano Interiør er en butikk som selger god stemning. Å ta det “piano” betyr i…
Museet forteller om Åmlis kultur- og naturhistorie. Her finnes en samling av utstoppede…
Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk - er Norges eneste torvstrømuseum.