Ta deg ei pause og nyt deilig mat i kafeen på Norsk Skieventyr - eller kanskje den beste kaffien og «sjavgjort» Italiensk Gelato - iskrem med smakar av frukt og bær frå Vest-Telemark!
Frå 2023 er det Thomas og Hellene Berstad frå populære Bjaaland bygderestaurant som har kafédrifta på skimuseet. Dei har døypt kafeen Kantina til Bjaaland, og tilbyr noko godt å bite i for både lokalbefolkning, forbifarande og tilreisande. Kafédrivarane er opptatt av å bruke lokale ingrediensar så langt det er mogleg, og dei har stor fokus på kvalitet.
I museets hovudsesong (frå 1. mai) har kafeen ope alle dagar, men frå siste veka i august er Kantina stengt på mondagar og tysdagar. Det vil vere mogleg å kjøpe kaffi og kake desse dagane. Kantina til Bjaaland er elles ope for lunsj og middag frå onsdag til sundag utover hausten.
I tillegg til kafédrift finst det eit lite «landhandelhjørne» med gode smakar frå Vinje bryggeri, lokale råvarer og produkt, samt nokre basisvarer å få kjøpt på staden.
BORDBESTILLING ER MOGLEG VIA HEIMESIDA TIL DRIVARANE: www.bygderestaurant.com
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon
Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat har vore sentralt i kafétilbodet i Morgedal.
Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til fem-seks personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet finst det benkar og bord, og der er du velkomen til å slå deg ned.
Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.
KONTAKTINFORMASJON:
Ynskjer du å ha selskap på Norsk skieventyr har me lokale som er mogleg å nytte til ulike samankomstar. Treng du møterom til lunsjen kan me tilby rom med plass til opptil 14 personar.
Kontakt Vest-Telemark museum på tlf. 35 06 90 80, eller send ein e-post til booking@vtm.no.
Dersom de kun har spørsmål om meny og bestilling av mat, ikkje museumsbesøk eller selskap/møterom, kan de ta direkte kontakt med Kantina til Bjaaland:
Telefon +47 469 63 631 eller bjaaland@bygderestaurant.com.
Det finst ein eigen meny for grupper/turoperatørar. Gruppemeny gjeld for grupper på minimum 10 personar, der heile gruppa bestiller same meny.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet mellom Nissedal og Fjone.
Samlingene hos Z-Museum i Treungen omfatter tusenvis av sjeldne objekter. Her kan du gå…
Vatnet har forma eit stort stykke kunstverk sør i Nissedal. Jettegryter på rekkje og rad…
Hillestad Galleri har stort utvalg i moderne brukskunst, gavebutikk og kafé.
Piano Interiør er en butikk som selger god stemning. Å ta det “piano” betyr i…
Museet forteller om Åmlis kultur- og naturhistorie. Her finnes en samling av utstoppede…
Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk - er Norges eneste torvstrømuseum.