For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk regionen
Urbane Telemark
Telemarkskysten

English

Norsk

Lårdalstigen

TypeVandring

Eidsborgvegen 361, 3880, Dalen

Legg Lårdalstigen til i reiseruten din.

Utsyn frå Gløstøylnuten, det høgaste punktet på turen; 848 moh.

Om

Om turen

Fantastisk tur med spektakulære utsynspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen. 

Langs turvegen får du innblikk i gamalt kulturlandskap og historiske stader, og du kan mellom anna lese segnet om Risen og Gygri og sjå fjellformasjonen som dannar bakgrunnen for segnet. Her er det også ein variert flora, og geologien er spesiell. Kanskje får du også auge på fiskeørna?

Dei fleste vel å starte på toppen av Eidsborgberget, ovanfor Dalen, og gå mot Lårdal, men det er og mogleg å starte i Lårdal å gå motsett veg. I sommarhalvåret kan du nyte den eine vegen frå dekk på ein av dei gamle rutebåtane M/S Victoria eller M/S Henrik Ibsen på Telemarkskanalen. Bestill billettar på www.telemarkskanalen.no

Den vakre bygda Lårdal ved Bandak byr på idylliske plassar og eit koseleg bryggjeområde med ferjeleie for båtane på Telemarkskanalen. Her er det både serveringsstad og overnattingsstad. 

Turfakta:

Lengde: 14 km éin veg

Tidsbruk: 6–8 timar

Gradering: Krevjande/ekspert

Høgaste punkt: Gløstøylnuten 848 moh.

Tilgjengeleg: mai–oktober 

Turkart: Tokke 1 : 50 000

Hugs joggesko med gode solar, eller fjellsko, og rikeleg med vatn (minst 2–3 liter på varme dagar). Det er ikkje lett å finne vatn langs stigen.

Kanalbåtane har fast anløp inn til Lårdal om ettermiddagen. Henrik Ibsen går frå Lårdal måndag, onsdag, fredag og sundag kl. 17.20 og Victoria går tysdag, torsdag og laurdag kl. 17.55.

M/S Victoria: +47 951 14 395

M/S Henrik Ibsen: +47 948 89 906

Kontakt gjerne turistkontoret på Dalen før du legg ut på tur. Der får du kart og god info. Tlf. +47 35 07 56 56, info@visitdalen.com

Kombiner Lårdalstigen med ein historisk kanalbåttur på Telemarkskanalen og overnatting på eventyrhotellet Dalen Hotel

Frå kr 2350,- per person/natt i dobbeltrom. Pakka er tilgjengeleg i kanalsesongen.

Inkludert i pakka er båtbillett Lårdal-Dalen og 3 rettars middag på Dalen Hotel. Av hotellet får du låne tursekk med termos og kart, og med deg på turen kan du ta med ei sjølvsmurt nistepakke, drikke, kaffe/te og frukt. 

https://www.dalenhotel.no/hotellpakker/lardalstigen/

For forespørsel eller reservasjon av pakker, kontakt hotellet direkte på telefon +47 35 07 90 00 send e-post til post@dalenhotel.no eller book på www.dalenhotel.no

 

Fasiliteter

Adgang /Tillgang

  • turstier- merkede

Aktiviteter

  • båtturer
  • fjellvandring
  • fotturer
  • fritidsaktiviteter
  • turstier

Gradering

  • ekspert
  • fargegradert turmerking
  • krevende

Natur og terreng

  • fjell
  • fjord
  • fotturområde
  • innsjø
  • kulturlandskap
  • utsikt
  • utsiktspunkt

Sesong

  • august
  • juli
  • juni
  • mai
  • oktober
  • september

Varighet

  • 6 timer
  • 7 timer
  • 8 timer

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Køyreforklaring 

Om du kjem langs E-134, tek du av i Høydalsmo på Fv 45 mot Dalen. Om lag 1 km etter at du har passert Eidsborg, er det avkøyring på venstre hand skilta Lårdalstigen. 

Frå Dalen følgjer du FV 45 mot Høydalsmo. På toppen av Eidsborgberget, etter alle svingane og etter ca. 4 km, er det avkøyring på høgre hand skilta Lårdalstigen. 

Parkering ved enden av grusvegen. Ver vennleg å ikkje parkere framom tunnelinngangen. 

Om du vel å starte turen i Lårdal, kan du følgje skiltinga mot Lårdal frå Fv 45 mellom Høydalsmo og Dalen. Halvvegs nede i grenda Lårdal er det parkering på venstre sida ved Eben-Ezer. 

 

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    624 m Unna
  2. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    632 m Unna
  3. Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    774 m Unna
  1. Tokke Kraftverk

    Kraftstasjon med omvising for grupper på førespurnad.

    959 m Unna
  2. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    1.13 km Unna
  3. Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    1.59 km Unna
  4. Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    1.77 km Unna
  5. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    1.85 km Unna
  6. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    2.41 km Unna
  7. Grimdalstunet

    Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...

    6.39 km Unna
  8. Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    6.48 km Unna
  9. Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    8.80 km Unna
  10. Øyfjell bygdemuseum

    Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse...

    15.77 km Unna
  11. Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.87 km Unna
  12. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende...

    21.96 km Unna
  13. Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    22.38 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av