Kafeen på Norsk Skieventyr tilbyr god mat til hyggelege prisar.
Frå medio februar 2022 vil Rubén Mardones Urruela vere ansvarleg for kafédrifta på skimuseet. Rubén er kjend som drivaren bak Pandora spansk surdeigsbakeri. Han kan tilby ein miks av tradisjonelle spanske og norske smakar, frå tapas og pizza til kling og romegraut. Kanskje fristar det med lufttørka skinke av Ibéricosvin, deilig manchego-ost eller heimelaga spanske kjøtbollar i husets saus? Prøv gjerne ut ostekaka hans eller ein Crema Catalana om du er sugen på noko søtt.
I museets hovedsesong mellom 1. mai og 15. september har kafeen ope 10-17 alle dagar, men merk at det kun er enkel servering på mondagar.
Kafédrivaren er opptatt av å bruke organiske ingrediensar, og han har fokus på høg kvalitet.
For å få vite meir om kafeens tilbod, ta direkte kontakt med Rubén Mardones Urruela på tlf. 455 65 470, eller e-post: spanskmatmarked@gmail.com
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon
Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat har vore sentralt i kafétilbodet i Morgedal.
Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til fem-seks personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet har me benkar og bord, og der er du velkomen til å slå deg ned om du ynskjer det.
Ynskjer du å ha selskapet på Norsk skieventyr har me lokale som er mogleg å nytte til ulike samankomstar. Kontakt museet på tlf. 35 06 90 80, eller post@vtm.no.
Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.
* MERK: Enkel servering på mondagar.
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…