Øverbø i Morgedal er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødestad. Plassen og stoga er tilgjengeleg alle dagar sommarstid, men du må ta med deg nøkkel frå parkeringsplassen.
I tillegg til den gode historia får du ein god trimtur og, ikkje minst, flott utsikt over bygda Morgedal.
Du kan skrive navnet ditt i gjesteboka. Dei gamle bøkene blir nå digitalisera, over 150 000 har skrive sitt namn i bøkene.
Les meir om Sondre Norheim og livet hans her.
Det fyrste Vinter-OL var i Chamonix i Frankrike i 1924, men i starten var det ikkje vanleg med olympisk eld til Vinter-OL. Den fyrste vinter-olympiske fakkelen vart tent på Øverbø og sendt til OL i Oslo i 1952. I grua på Øverbø vart òg fakkelen til OL i Squaw Vally i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994 tent.
Meir info om den olymiske elden finn du på www.morgedal.com.
Ynskjer du ein guide som kan fortelje om skihistorien og livet til Sondre, kontakt Norsk Skieventyr i Morgedal for meir info (tel. 35069080).
Turen til Øverbø høver fint for grupper og bedrifter som ynskjer det vesle ekstra. Kafeen ved Norsk Skieventyr kan lage lunsjkorg som ein kan ta med seg opp.
Turen er skilta og er ein del av Vandretelemark. Du kan òg klikke på pdf-filene til høgre og laste ned kart og info.
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…