
Grimdalstunet
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i Telemark. Dei eldste husa er frå 1600-talet. Rett ved finn du óg eit moderne skulpturgalleri med mange av Anne sine skulpturar, kunstutstillingar i underetasjen og Draumkvedet-måleri av Karl Erik Harr.
Om
Anne Grimdalen blei rekna blant våre fremste bilethoggarar på 1900-talet, og med sine betydelege og monumentale verk står ho i ei særstilling som kvinneleg utøvar av faget.
Det store gjennombrotet kom i 1938; då vann Anne konkurransen om utsmykkinga av vestveggen på nye Oslo rådhus. I 1950 mottok ho H.M. Kongens fortenestemedalje i gull for si kunstnarlege verksemd. Her i Tokke kan du besøke Grimdalstunet, fjellbruket som var Annes barndomsheim.
På same område ligg eit museum som formidlar bilethoggarens liv og kunstnarlege virke. Her finst òg kafé, samt galleri med skiftande kunstutstillingar i underetasjen.
Litt om Grimdalstunet
Fjellgarden Grimdalen ligg 630 m.o.h. med 10 hus og gardskvern. Det eldste huset er loftet frå 1676 og det yngste frå slutten av 1800-talet. Her ligg husa slik dei alltid har gjort, og dette gjere denne fjellgarden til eit viktig dokument på bygningar og funksjonar som måtte til på ein gard i Vest-Telemark i naturalhushaldets tid. Og så er det her Anne Grimdalen er fødd og oppvaksen, her vart eventyrjenta i norsk kunst forma.
Dei gamle husa er samla rundt eit større tun, med den gamle vegen gjennom tunet. Husa er plassert i høve til kvarandre etter tradisjon og funksjon. Uthusrekka og innhusa, badstoge og smie noko bort frå dei andre husa på grunn av brannfaren. Det vert lagt vekt på å ta vare på husa og landskapet rundt slik det var.
I den eine enden av tunet ligg museet som presenterer kunstnaren Anne Grimdalen, men ein del av hennar skulpturar er også plassert utandørs.
I underetasjen finn du ei utstilling med måleri om Draumkvedet av Karl Erik Harr. I tillegg er det her årlege salsutstillingar i regi av lokalstyret.
Frå tunet går det ein godt opparbeid turstig som har plakatar med informasjon om dyre- og planteliv.
Grimdalstunet ligg ca. 9 km frå Dalen ved riksveg 45. Riksveg 45 går frå Dalen – forbi Grimdalstunet og over til Setesdal. Det er ein del av Suleskarvegen over til Stavanger.
Heimen til Anne
Om sumaren er det vanlegvis omvisning i Gamlestoga, der Anne budde i oppveksten. Folk får sjå korleis Anne levde og korleis livet var på ein fjellgard for 100 år sidan. Inventaret er slik det var då Anne voks opp. Dei som vitjar tunet, gjev ofte uttrykk for verdien av å sjå oppvekstsvilkåra til kunstnaren – for så å ta turen inn i museet.
Anne Grimdalen (1899 – 1961)
Bilethoggaren Anne Grimdalen vart fødd i 1899 på garden Grimdalen i Skafså i Tokke kommune. Ho voks opp i ein syskenflokk på 10. Som ung jente reiste Anne til Oslo. Ho gjekk på fyrst på Kunst- og handverkskulen og seinare Kunstakademiet. Samstundes måtte ho jobbe som hushjelp for å klare seg økonomisk. Hennar historie, frå oppveksten her på den avsidesliggjande fjellgarden Grimdalen, til gjennombrotet som kvinneleg kunstnar er nesten utruleg. Det skjedde som tidlegare nevnt i 1938. Då vann Anne konkurransen om utsmykking av Oslo rådhus og blei landskjend.
Anne er òg kjend for dei mange barne- og dyreskulpturane ho har laga, og vert rekna som den norske bilethoggaren som er representert med flest arbeid i utlandet.
Les også: Eventyrjenta frå fjellgarden og Dei fire store – bilethoggarar frå Vest-Telemark
Anne Grimdalen døydde i Oslo, berre 61 år gamal. Ho var ugift. Etter hennar død blei det bygd eit museum på garden der ho vaks opp. Museet opna i 1973, og her er mange av skulpturane hennar samla.
Kunstmålar Henrik Sørensen kalla Anne Grimdalen for Eventyrjenta i norsk kunst. Det seier noko om kva kunstnarpersonlegdom Anne Grimdalen var. Møt Henrik Sørensen, Anne Grimdalen og fleire kjende kunstnarar i Sverre Samuelsens film Blant kunstnere i Telemark (1960)
Museet er ope i sommarsesongen.
Sted
Åpningstider
Sommarsesong med faste omvisingar kl 12:00, 14:00, 16:00
25. juni 2026 - 15. aug. 2026
tirsdag: 11:00 - 17:00
onsdag: 11:00 - 17:00
torsdag: 11:00 - 17:00
fredag: 11:00 - 17:00
lørdag: 11:00 - 17:00
søndag: 11:00 - 17:00
Praktisk informasjon
- Skulpturer
- Museum
- Kunst museum
Arrangementer i nærheten

Glade Maidagar på Dalen 18. og 19. mai
Lastein Bryggje, 3880 Dalen

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Våronn med museumsbonden 2026
Museumsvegen 9, Eidsborg, 3891 Høydalsmo

Oldemors Gatefrukost på Dalen
Dalen Sentrum, 3880 Dalen
Klypping av sau på gamlemåten
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ljåslått, hesjing og kinning av smør
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga og smed i smia
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Lefsebaking, skoing av hest, karveskurd og åkerarbeid
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Garving av skinn og heimelaga såpe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Slåttedagar: Slått og hesjing på museet
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og metallknipling i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ysting av kvitost og arbeid på åkeren
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Aktiviteter i nærheten

Vidsyn Midjås
Midjåsvegen 333, 3880 Dalen

Badstue Vidsyn Midjås
Midjåsvegen 333, 3880 Dalen

Helveteshylen
Storvegen 211, 3880 Dalen

Birdbox Tokke
Gamleveg 374, 3882 Åmdals Verk

Fiske i Mosvatn og Bessevatn
Hotellvegen 16, 3880 Dalen

Visit Dalen - Dalen Turistkontor
Aasmund Nordgaards veg 1, 3880 Dalen

Dalen Bed & Breakfast
Aasmund Nordgaards veg 6, 3880 Dalen

Kano - og kajakkutleige på Dalen
Aasmund Nordgaards veg 6, 3880 Dalen

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg
3880 Dalen

Restaurant Bandak, Dalen Hotel
Hotellvegen, 3880 Dalen

Familieferie i Langesund
3970 Langesund

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen





































