
I 2020 fekk Borghild Telnes Telemark fylke sitt Stipend for husflid og handverk og arbeida som vert viste her har i hovudsak blitt til i stipendperioden der ho arbeidde med telemarksbinding i kombinasjon med andre kunstuttrykk. Knutar, samanbindingar, bundne former, tekstar og
teikn lagar ulike biletrom eller landskap der små repetitive element blir til ein heilskap. Repitisjonar og det meditative som ligg i det langsame
handverket spinn trådar attende i tid ved å ta vare på ein gamal teknikk og bruke strofer frå gamle folkeviser og skaper framtidstrådar med teikning, trykk, skrift og ny poesi. Kontrasta mellom kvite trådarbeid og svarte teikningar lagar ei slags spegelvending av uttrykket. Bindingsteknikken er i hovudsak bruka på kvite tekstilar som vart brukte ved dei store høgtidene i livet. Skaut, tørklede og forklede er plagg som vart pryda med telemarksbinding. Desse tekstilane fortel om det reine og uskuldige samstundes er dei ei slags maske som skjuler eller vernar oss.
Dei eldre tekstane som er nytta, er henta frå folkevisene Jomfruga Ingebjørg, Herr Byrting, Liti Kjersti med fleire der tematikken er å verta
innkvervd i elva, skogen og berget. Kristine Søgnen sine tekstar spinn kring tema som treet, greina, lauvet, dammen, elva, blomen, rota, knuten og kledet. Tekstane tek for seg eit landskap der ein vert både innfalda og utfalda og knyter seg slik til dei gamle folkevisene.
Eg veit meg eino ædeli skógi sunna og vesta fer fjór
der vexe så mange dei ædeli tré dei venaste på jordi som grór
(tekst: frå Jomfruga Ingebjørg)
eg har knytt eit kvitt klede kring mitt eige liv
ikkje ei skrukke har det
kven skal løyse den stramme knuten kring livet mitt kven skal leggje
kledet på ein stol eller
kaste det på golvet her eg står
kan eg sjølv løyse det
springe inn mellom bjørkene
(tekst: Kristine Søgnen)
Borghild Telnes har fått lov å bruke sylvarbeid laga av filigransylvsmed og kunsthandverkar Gry Marie Grindbakken som del av installasjonen.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…
Sist viste
Museumsarrangement
Sundag 12. september blir det konsert med trioen Hitterdal på Vest-Telemark museum i Eidsborg.
…
Kino
Grunna anna arr. på kulturhuset, vert kinoforestillinga flytta til Høydalsmo. Kl 20:00, Once Upon a…
Bobilområde
Høydalsmo Bobilcamping ligger i Knut K. Hovdens veg 18. I hjertet av Telemark finner du en særdeles…
Familie/barn
Den årlege Familiedagen på Vest-Telemark Museum i Eidsborg har også i år opplevingar og aktivitetar…
Foredrag
Eit rått og usminka foredrag om det å skulle passe inn. For alle over 15 år! Inngang kr. 100,-
…
Museumsarrangement
Museumsbøndane Daniel og Daphne kjem til Eidsborg denne helga.
Det blir arbeid på åkrane,…