
FredagsFOLK: Rosensfole 2026, AySay, Reolô
Fredag 7. august 2026
Kroa i Bø, kl. 20:00
435,- inkl. bill.avg. (Ein billett for heile kvelden)
Velkommen til det som garantert vert ein fantastisek konsetkveld på Kroa i Bø fredag 7. august:
Kl 20:00 - Dørene opnar
Kl 21:00 - Rosensfole 2026
Ca kl 22:30 - AySay
Ca kl 00:00 - Reolô
Obs! 18 års aldersgrense med vergeordning.
------------------------------------------------
Kl. 21:00 - Rosensfole 2026
Legendarisk plate i ny tapning
I november 2025 presenterte Riksscenen i Oslo konserten, «Arven etter Agnes». Som ein del av denne konserten framførte barnebarnet Magnhild Garnås Haugen og eit flott band leia av bøhering Audun Rørmark eit knippe låtar frå den legendariske plata, «Rosensfole», som Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek gav ut i 1989. Dette gav meirsmak og bandet har heldt fram med å vidareutvikle repertoaret, så vel som å skape ny musikk i lag.
I denne konserten vil ein av landets mest framstormande, unge kvedarar og eit stjernelag av unge jazz- og folkemusikarar blese nytt liv i den velkjende og folkekjære plata med eigne tolkingar. Dei vil òg presentere heilt ny musikk, skrive av Magnhild Garnås Haugen, for alle første gong.
Det er mykje snakk om folkemusikkbølga som herjar for tida, og me er ganske sikre på at denne konserten vil syte for at denne bølga tek til i styrke!
Medverkande:
Magnhild Garnås Haugen – vokal
Audun Rørmark – fele, vokal
Jon Espelid – trommer
Gard Kronborg – bass
Benjamin Gisli – piano
Ola Erlien – gitar
Ca. kl 22:30 - AySay
Dansbare danskar
AySay er eit band som foreinar anatolske folketradisjonar og nordisk elektronika gjennom røtene til vokalist Luna Ersahin. På tyrkisk, kurdisk og dansk skaper dei eit psykedelisk rom der grensene blir viska ut, og berre den rå, menneskelege opplevinga står att – ein stad mellom håp og håpløyse. Musikken til AySay hyllar mangfaldet og byggjer bru mellom kulturar, noko som gjer dei til ei markant røyst på den globale musikkscena.
Med Luna Ersahin sin dragande og kraftfulle vokal i front, og dei virtuose musikarane Aske Døssing Bendixen og Carl West Hosbond ved si side, skaper AySay eit musikalsk univers som tek lyttaren frå nordiske landskap til hjartet av Anatolia. Ved å kombinere tradisjonelle instrument som saz med moderne pop og elektroniske element, formar AySay eit nyskapande lydbilete som bryt med sjangrar og samlar verder.
Me har prøvd i fleire år, og no klaffa det endeleg med å få AySay på Telemarkfestivalen!
Medverkande:
Luna Ersahin – vokal, saz, synth
Aske Døssing Bendixen – perkusjon, elektronikk
Carl West Hosbond – gitar
Ca. kl 00:00 - Reolô
Dystopi har aldri vore tøffare
Reolô er ein kvartett beståande av sprelske multi-instrumentalistar med utgangspunkt i norsk folkemusikk og den noko vage nemninga «open klasse». I mars 2025 sleppte dei plata «Dystopi Delete» til storslåtte meldingar.
Musikalsk rører bandet seg frå norsk slåttemusikk, via rocka groover med inspirasjon frå både Vest-Afrika og Amerika, til reine energiutblåsingar. Eller som Arvid Skancke-Knutsen skreiv i Klassekampen: «som om Velvet Underground i all hemmelegheit hadde øvd i årevis i eit stabbur». Reolô viser ein musikalsk heilskap i all sin variasjon, sitt alvor og si leikenheit.
Med tekstar om prepping, saueflokken i full fart mot stupet og ein hard vår prøver bandet å treffe samtida presist, medan fokuset på groove, tett samspel og gammaldags tonalitet gjev musikken eit smått tidlaust preg. Reolô har vorte eit slags «superband» - både innan norsk folkemusikk og rock.
Medverkande:
Anders Røine – vokal, gitar, langeleik, munnharpe
Hans Kjorstad – vokal, fele, synth
Rasmus Kjorstad – fele, oktavfele
Hans Hulbækmo – trommer, perkusjon, munnharpe, vokal
Magnus Skavhaug Nergaard – bass
Velkomen!
| Kroa i Bø (7 Aug 2026 - 8 Aug 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Fredag | 20:00 | - 01:30 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling fredede arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Erik Pirolts «TRE», en 10,5 m ståltreskulptur på Industripromenaden, gjenspeiler lokal…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
Opplev Heddal Bygdetun med 15 historiske bygg fra middelalderen og frem til 1930, unike…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…