Utforsk Telemark

Kviteseid bygdetun

TypeGuidet tur

Fjågesundvegen 12, 3850, Kviteseid

Legg Kviteseid bygdetun til i reiseruten din.

Fra NOK 60,00
vinter på Kviteseid bygdetun
  • vinter på Kviteseid bygdetun
  • Product Image
  • Product Image
  • Kviteseid Local History Museum.
  • Kviteseid Local History Museum.
  • Konsert på Kviteseid bygdetun, Vest-Telemark museum.
  • Old houses at the museum, Kviteseid Local History Museum.
  • The barn at Kviteseid Bygdetun
  • Folksomt foran Utsondhalli, utstillingsbygget, Kviteseid bygdetun, Vest-Telemark museum.
  • Flekstveitstoga
  • Flekstveitstoga, 1. floor from ca. 1600, the 2. floor from 1738
  • Sculpture by Gunnar Utsond, a boy using knife
  • Helferd, skulptur av Gunnar Utsond, Kviteseid bygdetun, Vest-Telemark museum.

Om

Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste museum her i landet, og vart etablert attende i 1907. Samlinga formidlar 12 ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Her finn du blant anna Tveitloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. 

Bygdetunet ligg rett ved Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Den gamle steinkyrkja vart bygd rundt 1260 og er ei av to steinkyrkjer frå mellomalderen i Vest-Telemark. Staden var lenge eit økonomisk, politisk, religiøst og kulturelt sentrum i Vest-Telemark, strategisk plassert der landevegen og vassvegen kryssar.

Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga, fyrste høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738.

Stoga nede er rosemåla av 'den fyrste rosemålaren i Telemark' Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla 'Talleiv Målar').

Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet.

Kviteseid gamle kyrkje
Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil – frå 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest trekyrkjer (stavkyrkjer). Steinkyrkjer vart særskild reist i maktsentra.
Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet, og ligg der vassvegen og landevegen aust-vest kryssar. Rett nedom kyrkja var også ein viktig handelsplass Kauphamar også kalla Hollendarodden.

Me tar i mot førehandstinga grupper heile året.

 

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • servering

Kirketyper

  • steinkirke

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • bygdegård
  • kulturhistorie
  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden
  • skulpturer

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 500,-NOK 60,00 pr. person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

35 06 90 90

Også i nærheten

  1. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    0 m Unna
  2. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    14.80 km Unna
  3. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    16.04 km Unna
  1. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    16.97 km Unna
  2. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    27.67 km Unna
  3. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    30.30 km Unna
  4. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    30.49 km Unna
  5. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    30.76 km Unna
  6. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    30.78 km Unna
  7. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…

    30.82 km Unna
  8. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    30.97 km Unna
  9. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    32.88 km Unna
  10. Fruktbygda

    Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…

    37.07 km Unna
  11. Z-Museum

    Besøk Z-Museum i Treungen, Telemark. Opplev over 50 temautstillinger med sjeldne biler,…

    38.19 km Unna
  12. Ulefos Hovedgaard

    Ulefos Hovedgaard - et hvitt smykke midt i Telemark

    41.87 km Unna
  13. Heddal Stavkirke

    Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…

    44.62 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av