Kafé som er kjend for sin gode, heimelaga mat.
Kafeen på Norsk skieventyr tilbyr god mat til hyggelege prisar. Me lagar all maten frå botnen på vårt eige kjøken. Hjå oss er kvalitet og god smak i høgsetet!
Me er viden kjende for dei heimelaga kjøtkakene og den omnsbakte fisken me serverer. Det same gjeld den gode, gamaldagse lapskausen vår. Og på sundagar er flesk og duppe vår hovudrett.
Ynskjer du berre noko lett i farten kan me freiste med smørbrød og salatar. Den gode angen av svele kjenner du med det same du kjem inn døra. Kakene våre er òg heimelaga, saftige og gode. Vår spesialitet er konfektkake, gulrotkake, ostekake og suksessterte. Dei to sistnemnde er glutenfrie!
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon
Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat held fram i dagens kafétilbod i Morgedal.
Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til fem-seks personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet har me benkar og bord, og der er du velkomen til å slå deg ned om du ynskjer det.
Treng du mat til selskap eller anna? Me leverer mat til små og store hendingar. Merk: Me tilbyr ikkje catering i juli månad.
Ynskjer du å ha selskapet på Norsk skieventyr har me lokale som er mogleg å nytte til ulike samankomstar.
For å få vita meir om vår catering-/selskapsmeny, ta kontakt med matansvarleg Tone F. Gjerjordet,
tlf. 480 28 949.
Norsk skieventyr (Morgedal), tlf. 35 06 90 80, post@vtm.no
Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.
Sesong (1 Mai 2021 - 15 Sept 2021) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 10:00 | - 17:00 |
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…
Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Dalen Bryggjeutstilling - årets utstillar er fotograf Torleif Lie.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…