Utforsk Telemark

EN

NO

Nutheim Gjestgiveri restaurant

TypeSelskapslokaler

Flatdalsvegen 1283, 3841, Flatdal

TripAdvisor Vurderinger

TripAdvisor Vurderinger - 22 Anmeldelser22 Anmeldelser

Legg Nutheim Gjestgiveri restaurant til i reiseruten din.

dessert og kaffe på terrassebord på restauranten på Nutheim Gjestgiveri
  • dessert og kaffe på terrassebord på restauranten på Nutheim Gjestgiveri
  • middagsbord på Nutheim Gjestgiveri
  • røkt laks med flatbrød og rømme
  • matrett som serveres på Nutheim Gjestgiveri
  • dessert som servers på Nutheim Gjestgiver
  • terrassen på Nutheim Gjestgiveri
  • Nutheim Gjestgiveri sett fra hagen om våren
  • Vertskap hos Nutheim Gjestgiveri
  • Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon 

for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan 

1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie.


Kunsten står i høgsetet hjå oss. 

Det var hit til Nutheim mange av våre fremste målarar kom for inspirasjon gjennom fleire tiår. 

Her tok dei for seg av ro, lys, luft og motiv - men også av mat, drikke og gjestfridomen. 

Den fjerne utsikta over dalar og fjell inspirerer like mykje til sjelefred som til nye djerve tankar. 

Saman med fellesskapet forløyste desse rammene skapande krefter som har sett djupe spor i 

norsk kunsthistorie.


Nutheim er den dag i dag ein arena for kunst og kultur. 

Med jamne mellomrom held me arrangement i form av til dømes utstillingar og konsertar, 

og dersom kursgjester eller andre har ynskje om kulturinnslag kan me ty til eit breitt utval 

av dyktige kunstnara
  • Nutheim gjestgiveri om våren

Om

Me er genuint opptekne av mat, og maten me serverar er ærleg og god.

Hjå oss kan du nyte godt varetekne tradisjonar overført frå mor til dotter heile fire gonger. Solveig og Ellen lagar maten frå botnen av, ofte med råvarer frå lokale produsentar.

Ambisjonen er å vera rause, i detaljar og smak - og estetikken finn du ikkje berre på veggane, du finn den også på tallerkane.

Sjølv om nokre av kakeoppskriftene kan daterast attende til før fyrste verdskrig, lar me oss kontinuerlig inspirere. I menyen vår kan du difor velgje i eit brett spenn av varierte rettar, frå oldemors festgraut til franskinspirert and.

Me serverar større og mindre lunsjrettar, kaffi og søtsaker, kvar dag mellom 12.00 og 18.00, både inne i restauranten og på uteservering med fantastisk utsyn over Flatdal, Skorve, Mælefjell og Lifjell.

Klokka 19.00 opnar me dørane for kveldens ganenytelse, 4-rettars middag, både til hotellgjester og andre som ynskjer eit godt måltid.

Me har eit utval gode vinar, og serverar stolt vårt eige heimebryggja øl, eplemost frå Epleblomsten i Sauherad og espressobaserte kaffedrikkar.

Nutheim bar har alle skjenkerettar.
 

Nyheit! Historisk Måltid

Bli med på ei reise i tid gjennom eit historisk festmåltid med sagn og forteljing, i den gamle prestegarden på Nutheim.
Inspirert av gamle reiseskildringar, naturen og råvarene kring oss har vi komponert ein 7-rettars meny med fakta og fantasi, og drikke som høver. Me dekker opp med vårt finaste servise og pyntar prestegarden til gjestebod. Vårt bunadskledde vertskap tek imot dykk og byr på sagn, skildringar og eventyr i stoger fulle av historie, kunst og handverk frå området. Skulle de ha lyst til å høyre folkemusikk frå området er det mogleg å bestille.
Opplevinga passar grupper frå 10 til 22 personar.

Me tek imot kurs og konferansar, leiarsamlingar, feiringar og venegjengar – kort sagt alle grupper som har sans for god mat, historie og eventyr!

***************************************
Pris per person for festmåltid inkludert overnatting i dobbeltrom med frukost 2 050,-
Pris for enkeltrom med frukost 2 460,-
Drikkepakke 550,- (Øl, vin og dram – 6 einingar)
Alkoholfri drikkepakke 230,-

Fasiliteter

Mat og drikke

  • à la carte
  • Lokale retter
  • norsk mat

Sesong

  • Hele året

Skjenkerettigheter

  • Alle rettigheter

TripAdvisor

TripAdvisor

TripAdvisor Traveller Vurdering:

4.5 of 5 stjerner
    • Service
      4.5 of 5 stjerner
    • Verdi
      4.5 of 5 stjerner
    • Mat
      4.5 of 5 stjerner
    • Ypperlig
      13
    • Svært bra
      7
    • Gjennomsnitt
      2
    • Dårlig
      0
    • Forferdelig
      0

    Siste anmeldelser:

    • 822perv
      Skien, Norge
      Vi var to vennepar som besøkte
      5 of 5 stjerner
      Onsdag, 29. Juli 2020
      Vi var to vennepar som besøkte stedet. Det var forholdsvis fullt, så vi var glad vi hadde bestilt bord. Utsikten fra stedet er formidabel, og en stopp for lunch eller kaffe er helt på sin plass... Les hele anmeldelsen
    • spaanne
      Skien, Norge
      Type reise:
      Par
      Nydelig påfyll for både mage og sinn!
      5 of 5 stjerner
      Søndag, 11. September 2022
      Dette stedet har svært god mat - laget på lokale råvarer, delikat anrettet, servert i sjarmerende omgivelser, flott utsikt, og en veldig vennlig betjening og vertskap som gjør oppholdet til en... Les hele anmeldelsen
    • Anne H
      Roma, Italia
      Type reise:
      Venners utflukter
      Nydelig mat i vakre omgivelser
      5 of 5 stjerner
      Torsdag, 10. August 2023
      Vi spiste lunsj - en vennegjeng på 8. Fantastisk velsmakende mat og super service i nydelige og sjarmerende omgivelser! Fantastisk utsikt fra de ærverdige rommene med vakre vegger og kunst. Les hele anmeldelsen

    Kart

    Kontakt

    35 05 21 43

    Også i nærheten

    1. Galleri Nutheim

      Nutheim Galleri
      I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

      9 m Unna
    2. Kulturlandskapssenteret i Telemark

      Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

      6.29 km Unna
    3. Seljord Kyrkje

      Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

      10.26 km Unna
    1. Kikkeskåp, Guro Lomodden

      Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

      10.60 km Unna
    2. Dyrskuplassen

      Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…

      11.00 km Unna
    3. Sjøormtårnet

      Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

      11.15 km Unna
    4. Øverbø - Sondres heim

      Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

      12.64 km Unna
    5. Norsk Skieventyr i Morgedal

      Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

      12.65 km Unna
    6. Kviteseidbyen

      Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…

      19.08 km Unna
    7. Øyfjell bygdemuseum

      Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

      20.48 km Unna
    8. Kviteseid bygdetun

      Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

      24.00 km Unna
    9. Kviteseid gamle steinkyrkje

      Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

      24.01 km Unna
    10. Tuddal Bygdetun

      Tuddal bygdetun er et idyllisk tun som ligger i Hjartdal kommune. Her kan du bli bedre…

      24.71 km Unna
    11. Hardangervidda Nasjonalparksenter

      Hardangervidda Nasjonalparksenter har en prisbelønnet interaktiv utstilling om natur og…

      30.36 km Unna
    12. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

      Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

      31.16 km Unna
    13. Brynesteinsbrotet

      I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

      31.18 km Unna
    Previous Next

    Se også

    Galleri Nutheim, SeljordNutheim Galleri I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av kunstnarar med tilknytning til Flatdal. Nutheim tek imot bussgrupper og andre grupper for bespisning og omvisning av deira severdighetar.

    Ikke gå glipp av