For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark
Urbane Telemark
Telemarkskysten

EN

NO

Øyfjell bygdemuseum

TypeMuseum

Øyfjellvegen 809, 3890, Vinje

Legg Øyfjell bygdemuseum til i reiseruten din.

Fra NOK 40,00
Museumsbygningen i kila granitt på Øyfjell bygdemuseum

Om

Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi. Her kan du mellom anna sjå Noregs største ølhøne.

Museumsbygningen er svært spesiell. Reist i kila granitt vart han bygd i 1931 for å kunne stå til evig tid. Museet har og eit gardstun med våningshus, eldhus, låve loft, høysel, kamar og badstoge.


Brennevin par avion
Ei sentral oppgåve for musea er å ta vare på gjenstandar og historiene knytt til desse. Dei fleste gjenstandane høyrer dagleglivet til, dei kjem i ”slik var det i gamle dagar”-kategorien. Andre gjenstandar er meir ”magiske”, desse har i seg i ei binding til ein særskild person eller hending.

På museet i Øyfjell finst det ein brennevinsdunk og i registerkortet til denne står det: Skal ha høyrt til franskmennene Bèzier og Rollier som under krigen i 1870 fòr i luftballong frå Paris til Lifjell i Bø.


Mostøylstoga
Mostøylstoga er ei stoge frå slutten av 1800-talet, og den viser brytningstida mellom den gamle bondekulturen og den nye tida og bymoten. Interiør, fargar og tapetar viser at du både tydeleg er i Vest-Telemark, men òg at noko heilt anna ar på veg inn.

Arbeidshesten
I låven kan ein sjå gjenstandar og bilete knytt til arbeidshesten si rolle i livet på ein gard. Hesten stod i ei særstilling, og var nærare folka – og då særleg mannen på garden – enn dei andre dyra. Den var den viktigaste arbeidshjelpa i skogen, på åkeren, i høyonna. Den skjussa folk til kyrkje i sorg og glede.

Nystog-samlinga
Frå garden Nystog i Mannås kjøpte Vinje kommune inn ei større samling. Den inneheld reiskap, husgeråd, klede og møblar skapt og samla gjennom generasjonar, er eit viktig dokument på handverk, folkekunst og folkekulturen. Samlinga er utstilt i andre høgda i museumsbygget.

 

Det er ny særutstilling på museet kvart sommar, og handverksaktivitetar kvar laurdag gjennom sesongen.
Museet har ope helgar i sommarsesongen.
Det er ikkje kortterminal på Øyfjell Bygdemuseum men du kan betale med vipps..


Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post:booking@vtm.no

Tlf: 35069090

Fasiliteter

Forretningstilbud

  • kunsthåndverk
  • suvenirer

Generelle fasiliteter

  • åpent utenom åpningstid, etter avtale

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Born 6-15 årNOK 40,00 pr. person
Familiebillett (2+2)NOK 200,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Tillegg kr. 500,- pr. gruppeNOK 60,00 pr. person
Honnør/studentNOK 60,00 pr. person
Vaksne (fra 16 år)NOK 80,00 pr. person

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2018 - 31 Des 2019)
DagTider
Sesong (25 Jun 2019 - 15 Aug 2019)
DagTider
Mandag - FredagStengt
Lørdag - Søndag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    13.11 km Unna
  2. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    13.71 km Unna
  3. Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    14.17 km Unna
  1. Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    14.62 km Unna
  2. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    14.63 km Unna
  3. Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    14.66 km Unna
  4. Stålekleivloftet

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv Europas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)...

    14.68 km Unna
  5. Dyre Vaa-samlingane

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av...

    16.08 km Unna
  6. Knut Skinnarlandsamlinga

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland og ein kopi av atelieret...

    16.08 km Unna
  7. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    16.35 km Unna
  8. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    16.35 km Unna
  9. Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    16.36 km Unna
  10. Raulandsakademiet

    Raulandsakademiet er eit kurssenter, eit vandrarheim og og eit levande bygdetun.

    16.45 km Unna
  11. Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    16.55 km Unna
  12. Soria Moria badstoge

    Soria Moria badstoge og kunstinstallasjon på Dalen

    16.75 km Unna
  13. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    16.87 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av