Utforsk Telemark

EN

NO

Utstillingar i Eidsborg 2021

TypeHåndtverk

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Utstillingar i Eidsborg 2021 til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Måleri av Sveinung Knutson Svalastoga frå Rauland, Vest-Telemark museum Eidsborg.

Om

Fram til jol 2021 kan grupper som kjem på besøk til Eidsborg få med seg desse utstillingane:

INDUSTRIBYGDA LÅRDAL (Vidareførast i 2021)

VTM driv eit lengre dokumentasjonsprosjekt kring «solbygda» Lårdal og industri-eventyret som starta på 1890-talet og tok slutt i år 2000. Laurdal Uldspinderi var ei av dei fyrste bedrifter som oppstod mellom Lårdalsåi som gav vasskraft og Telemarkskanalen som sikra transport ut og inn. Ein stor motorisert vevstol, ein Jaquard-vev og anna inventar frå spinneriet har vore vist i folkekunstutstillinga ei stund. Museet vil byggje ut forteljinga om industribygda Lårdal i åra som kjem, og i fyrste omgang vil ein få sjå fleire plansjar med historiske bilete og opplysingar, og tekstilprøver frå spinneriet.

 

SVEINUNG KNUTSSON SVALASTOGA

Sveinung Knutsson Svalastoga (1881-1938) var målar, diktar og treskjerar. Han var fødd og busett på ein av dei eldste gardane i Rauland, Svalastoga på Nesland. Sveinung var kunstutdanna frå Oslo og Københamn, og arbeidde mest på Rauland og i Kragerø.
Sveinung bruka sterke fargar og avansert ljossetting samanlikna med andre bygdemålarar. Valet av motiv er mangfaldig og bileta har stor detaljrikdom og uttrykkskraft, spesielt i portretta. Sveinung er blitt kalla ein «ekspressiv drøymar» (H. O. Waaraas), noko ein godt
kan sjå på måleria frå Fellandsamlinga som er utstilt her.
Av større arbeid etter Sveinung Svalastoga har me «Draumkvedesalen» i Rauland gamle kommunehus, dekorasjonane i Møsstrond kyrkje og altertavla i Tuddal kyrkje. På heimegarden Svalastoga har han skore ut eventyrfigurar på fleire svalstolpar. Også innvendig er barndomsheimen rikt dekorert.
Sveinung K. Svalastoga må ikkje bli forveksla med Sveinung B. Svalastoga, ein kjend rosemålar som levde 100 år tidlegare.

I Fellandrommet rett ved museets foajé kan du sjå eit utval av hans verk.

 

NY KNIVUTSTILLING (blir også fornya i 2021)

Kvart år presenterer VTM ei eiga knivutstilling med både innlånte objekt og kniv frå eiga samling. I år blir det synt fram stasknivar henta frå Haukvik si samling og museets samling.

 

RED RIVER GIRL - The Art of Orabel Thortvedt - From Telemark to The Buffalo

Denne spesielle utvandrings-utstillinga blei opna i 2020 og vil også bli vist sommaren 2021. Du kan lese om den i ein eigen artikkel under "Kva skjer - Utstillingar".

 

OLAV SINE DRAUMAR - DRAUMKVEDET

Denne utstillinga blei ikkje opna i 2020 pga Corona-restriksjonar. Men i 2021 skal det skje, så fort smittevernreglane tillet det!

Den gåtefulle mellomalderballaden om Olav Åsteson («som heve sove så lengje») blei oppdaga i Vest-Telemark i andre halvdel av 1800-talet, i ein radius på ca. 50 km kring Eidsborg stavkyrkje. Ingen veit kor gamal songen er, men ein trur han kan ha oppstått i tida etter Svartedauden (1349). I utstillinga fortel me korleis balladen blei oppdaga og teke imot i eit Noreg på veg mot sjølvstende. Ein kan høyre den mest komplette versjonen til Maren Ramskeid frå Brunkeberg (ca. 1840) sunge av både Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes, og inne i eit spesiallaga lytterom kan ein oppleve Olav sin draum i moderne lyddrakt – gjennom eit lydverk av komponisten Natasha Barrett. Verket blei forresten framført for første gong i Eidsborg stavkyrkje 5. januar 2020.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  1. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    244 m Unna
  2. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.61 km Unna
  5. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.27 km Unna
  6. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  7. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
  8. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.51 km Unna
  9. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.56 km Unna
  10. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    27.50 km Unna
  11. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.94 km Unna
  12. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    31.66 km Unna
  13. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    31.69 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av