Utforsk Telemark

EN

NO

AVLYST! Opningsarrangement Norsk Skieventyr 2020

Vårstaulvegen 2, 3848, Morgedal

Legg AVLYST! Opningsarrangement Norsk Skieventyr 2020 til i reiseruten din.

Product Image

Om

QUEEN OF SKIS
Sidan 2009 får kvinner delta i VM i skihopp. Men kvinnelege skihopparar fantes alt 80 år tidlegare! Johanne Kolstad (1913-1997) frå Dokka i Nordre Land (Oppland) er den mest kjende av dei.

I 1931 hoppa Johanne 46,5 m i Midtstubakken i Oslo – lengre enn nokon annan kvinne før henne. Skiforbundet blei spurt om ein ikkje kunne sleppe til kvinner i Holmenkollen, men major Finn Qvale ga avslag: «Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken!».

Johanne måtte til «sirkus» i USA for å bli anerkjent. Ho reiste til Chicago tidleg på 1930-talet, der 20.000 tilskodarar såg ho hoppe! I fem år turnerte ho med store ski- og is-show i Nord-Amerika, og i 1938 sette ho ein verdsrekord (72 m) som heldt seg heilt til 1973! «Queen of skis» blei ho kalla over there.

Utstillinga fortel historia om hoppdronninga som ikkje fekk lov å konkurrere. Men populær var Johanne Kolstad – ho fekk opne hopprenn over heile Noreg, ofte saman med makker Hilde «Nusse» Braskerud.

Utstillinga er laga av barnebarna til Johanne, brørne Knut og Ole Aastad Bråten. Ole vil vere til stades under opninga for å fortelje om bestemora.

Visste du forresten at også Vest-Telemark hadde sin kvinnelege hopp-pionér på same tid? Det var Astrid Lauvnes frå Akkerhaugen (den gongen Kviteseid). I 1930 opna ho eit hopprenn i Rugtvedtkollen, berre 14 år gamal, med eit hopp på 30 m. Overskrift i Varden: «En tapper skidame.»

Velkomen til ei historietime i skihopping – og kjønnsdiskriminering!

Inngang: vanleg museumsbillett (årskort halv pris)

Kafeen er open frå kl.11 og serverar middag fram til kl 1700. Etter det er kaffe og kake.

 

Alle bilete: privat (Ole og Knut Aastad Bråten)

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069080

Også i nærheten

  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    1 m Unna
  2. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    10.14 km Unna
  3. Into the landscape

    Into the Landscape

    International workshop 25th of September to 4th of October with Sami…

    11.80 km Unna
  1. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    11.97 km Unna
  2. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.30 km Unna
  3. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    12.33 km Unna
  4. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.57 km Unna
  5. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    12.58 km Unna
  6. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    12.63 km Unna
  7. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    12.65 km Unna
  8. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    12.98 km Unna
  9. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    13.10 km Unna
  10. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    13.40 km Unna
  11. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    13.64 km Unna
  12. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    14.42 km Unna
  13. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.80 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av