Utforsk Telemark

EN

NO

Vassparken i Morgedal

TypeAktivitetspark

Morgedalvegen 159, 3848, Morgedal

Legg Vassparken i Morgedal til i reiseruten din.

vassparken foran Norsk Skieventyr i Morgedal
  • vassparken foran Norsk Skieventyr i Morgedal
  • Vassparken i Morgedal, Norsk Skieventyr, Vest-Telemark museum.
  • Vassparken i Morgedal, Norsk Skieventyr, Vest-Telemark museum.
  • Vassparken i Morgedal, Norsk Skieventyr, Vest-Telemark museum.
  • Vassparken i Morgedal, Norsk Skieventyr, Vest-Telemark museum.
  • Vassparken i Morgedal, Norsk Skieventyr, Vest-Telemark museum.
  • Vassparken i Morgedal, Norsk Skieventyr, Vest-Telemark museum.

Om

I juni 2022 opna det ein 45 meter lang kopi av Morgedalsvassdraget utanfor skimuseet, som ligg rett ved E134. Her kan borna leike seg med fløyting av tømmerstokkar og produksjon av straum.

Morgedalsvassdraget var og er framleis rekna som livsnerva i Morgedal. I tidlegare tider ga vassdraget matauke, det var transportåre for tømmer og dei små fossefalla ga drivkraft til kverner og sagbruk. I dag er vassdraget ein del av Sundsbarmreguleringa som produserar store mengder el-kraft.

Det var på 1600-talet at tømmerfløytinga starta i større omfang i Dala- og Morgedalsåi. Dei to vassdrag flyt saman ved Åmøtet i Lundevall, ca. 2,5 km vest for Kviteseidbyen, og renn ut ved Ågapet i Sundkilen. Tømmer frå Oftevatnet i Høydalsmo, frå Morgedalsheiane og frå Dalane blei fløyta ned hit og vidare ut i Kviteseidvatnet, seinare Telemarkskanalen. Til Oftevatnet kom tømmeret frå vatna i Øyfjell. Fløytinga var ein viktig del av næringa i øvre Telemark heilt fram til 1950-talet, noko mange fløytingsminne fortel om.

Ein kopi av Morgedalvassdraget på uteområdet framfor Norsk Skieventyr er ein ny og spanande attraksjon i bygda. Den formidlar ein viktig del av bygdas historie via fysiske installasjonar. Mangfoldig bruk av vatn er i fokus. Vatn har i alle tider gjeve grunnlag til aktivitet og matauk. Vi ynskjer å formidle den tidlege bruken med tømmerfløyting, drift av sag og kvern og kva det betydde for busettinga.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Sesong (1 Mai 2024 - 15 Sept 2024)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 17:00

* Grunna fare for frost er der kun vatn i anlegget i sommarhalvåret.

Også i nærheten

  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    16 m Unna
  2. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.37 km Unna
  3. Kviteseidbyen

    Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…

    9.38 km Unna
  1. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    14.42 km Unna
  2. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.81 km Unna
  3. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    14.91 km Unna
  4. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    22.59 km Unna
  5. Fjoneferja

    Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet mellom Nissedal og Fjone.

    33.67 km Unna
  6. Z-Museum

    Samlingene hos Z-Museum i Treungen omfatter tusenvis av sjeldne objekter. Her kan du gå…

    52.17 km Unna
  7. Jettegrytene

    Vatnet har forma eit stort stykke kunstverk sør i Nissedal. Jettegryter på rekkje og rad…

    60.10 km Unna
  8. Hillestad Galleri

    Hillestad Galleri har stort utvalg i moderne brukskunst, gavebutikk og kafé.

    75.77 km Unna
  9. Piano Interiør

    Piano Interiør er en butikk som selger god stemning. Å ta det “piano” betyr i…

    78.71 km Unna
  10. Elvarheim Museum

    Museet forteller om Åmlis kultur- og naturhistorie. Her finnes en samling av utstoppede…

    78.73 km Unna
  11. Frolands Verk

    Et stykke kultur på Sørlandet. 

    108.98 km Unna
  12. Birkenes Bygdemuseum Grasham

    Grasham gård er Birkenes bygdemuseums kjerne.

    131.10 km Unna
  13. Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk

    Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk - er Norges eneste torvstrømuseum.

    132.09 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av