Kafeen ved VTM Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit, ein middag eller eit heilt selskap. Det er fritt utsyn mot Eidsborg stavkyrkje og friluftsmuseet. Rett ved kafeen er det fleire utstillingar og ein gåvebutikk, og utanfor finn du ein 105 m lang vassførande modell av Telemarkskanalen med sluser og båtar. I nærleiken er det også fleire historiske vandreruter.
Maten blir laga på eige kjøken, og bruk av lokale råvarer er viktig for oss. På menyen vår finn du både tradisjonsmat og nye, spennande rettar i sommarsesongen.
I kafeen har me småbord eller langbord alt etter kor mange som ynskjer å sitje saman. Me har god kapasitet, og kan ta imot grupper på opptil 100 personar. Me har gode, moderne lokale for møte, kurs, konferansar og selskap. Ta kontakt med oss for tilbod, me kan arrangere møter for 2 til 60 personar.
For meir info og bestilling av mat til grupper eller selskap, ta kontakt med Inger på tlf. 970 60 462. E-post: imr@vtm.no
Merk: Ikkje catering i juli månad.
Kafeen har gratis WIFI og ein innandørs leikeplass for born. Det går også an å sitte utanfor kafeen og i Kanalparken og ete.
Det er også Museumskafe på Norsk Skieventyr i Morgedal.
Sesong (1 Mai 2022 - 15 Sept 2022) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 10:00 | - 17:00 |
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!
Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Handverksutstilling, handverkarverkstadar, sommarkafè, steinomnsbakeri, konsertar og…
Raulandsakademiet er eit kurssenter, eit vandrarheim og og eit levande bygdetun.