Utforsk Telemark

EN

NO

Draumkvedet i vår tid 2026

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Draumkvedet i vår tid 2026 til i reiseruten din.

Fotomontasje av Lindeman, Bratterud og Moe.

Om

Velkomen til årets seminar om Draumkvedet!

Vil du meg lye - eg kveda kan? Frå årestoge til konsertsal og attende
I høve 125. fødedag til Eivind Groven (1901-1977)

 

Med Øyonn Groven Myhren, Ingvill Buen Garnås og Jøran Rudi.

Melodiane til Draumkvedet - velkjende for dei fleste frå Agnes Buen Garnås sin legendariske innspeling i Gjerpen kyrkje (1985) - har fått lite merksemd i forskinga. Dei fleste utøvarar song Draumkvedet for folkeminnegranskarane - men desse var sjeldan i stand til å hugse melodiane, enn seie å skrive dei ned.

Jørgen Moe, ein av dei fyrste som skreiv opp Draumkvedet, opplyser i 1850: «Musikken er nedskreven af Hr. Lindemann efter Hr. Ivar Aasens sang. Desværre kjendte denne ei Omkvædets Melodi». 

Hr. Ludvig Mathias Lindeman - organist og komponist i Christiania - var òg melodiansvarleg for M.B. Landstads bok «Norske Folkeviser» (1853) der Draumkvedet var med - og der «Musikbilagene skyldes fornemmelig Præstedatteren, Jomfru Olea Cröger». 

Lindeman gav ut «Draumkvæde» for song og pianoforte (klaver) alt året etter (1854). Den populære «kammersongaren» Thorvald Lammers spreidde denne utover det ganske land, og den blei ståande som utgangspunkt for alle seinare variantar.

Lindeman stod i Bach-tradisjonen. Hans harmoniseringar var tempererte, vil seie at naturtoneskalaens særeigne toneavstandar - slik dei førekjem i kveding - blei nivellert. Dette var naudsynt for å tilpasse musikken til moderne (vestleg) tonalitet som tillét rask veksling mellom ulike toneartar.

Komponist og folkemusikksamlar Eivind Groven var oppteken av å korrigere dette, og gjere «reinstemming» teknisk mogleg på moderne instrument bygd for temperert musikk. Han konstruerte reinstemmingssystem for ulike klaverinstrument, og - som ein av dei fyrste i verda - ein elektrisk «reinstemmingsautomat» for orgel eller syntesizer.

Seminaret tek for seg ulike aspekt av denne vandringa frå autentisk kveding til temperert konsertmusikk - og attende. På seminaret vil Øyonn Groven Myhren framføre utdrag av Draumkvedet til reinstemt harpsikord, og ein soloversjon i Eidsborg stavkyrkje.

 

Programmet er førebels, detaljar kan bli endra:

Frå kl. 08.30  Mingling med kaffe
09.15  Introdukjson ved formidlingsansvarleg VTM, Tilman Hartenstein
09.45  Føredrag ved kvedar Ingvill Buen Garnås: «Draumkvedet si tonedrakt - kjende melodiar og rommet for variasjon»
10.45  Kaffipause
11.00  Føredrag ved folkemusikar Øyonn Groven Myhren: «Eivind Groven sitt arbeide med Draumkvedet»
12.00  Lunsj
12.45  Omvising i Eidsborg stavkyrkje
13.30  Øyonn Groven Myhren framfører utdrag frå Eivind Grovens «Draumkvædet» til reinstemt harpsikord. Pianist: Lars Henrik Johansen
14.00  Kaffipause
14.15  Føredrag ved Jøran Rudi, styreleiar i Eivind-Groven-instituttet: «Frå kveding og seljefløyte til elektronisk orgel – Eivind Groven sitt arbeide med automatisk reinstemming»
15.30  Framføring av Draumkvedet ved Øyonn Groven Myhren i Eidsborg stavkyrkje
16.00  Slutt

Pris: kr. 650,- inkl. lunsj

Påmelding til th@vtm.no innan 12. mars

 

Tips til overnatting:
Dalen Hotel, Hotellvegen 33, 3880 Dalen,
dalenhotel.no        tlf: 35 07 90 00         post@dalenhotel.no
Ca. 10 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Dalen Bed&Breakfast, Aasmund Nordgaardsveg 6, 3880 Dalen,
dalenbb.com              tlf. 928 17 012                 info@dalenbb.com
Ca. 10 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Morgedal Hotel, Haugivegen 4, 3848 Morgedal
morgedal.no                   tlf. 35068900                  morgedalhotel@unikehoteller.no
Ca. 25 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Morgedal Gjestehus, Haugivegen 4A, 3848 Morgedal
gjestehus.com                tlf. 469 63 631                 morgedal@gjestehus.com
Ca. 25 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Straand Hotel, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
straand.no                      tlf. 35 06 90 00                straand@straand.no
Ca. 1 time med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

 


 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Sesong (21 Mar 2026)
DagTider
Lørdag09:00 - 16:00

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    31 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    64 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…

    116 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    208 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    919 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.03 km Unna
  4. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    2.37 km Unna
  5. Nøsteriet

    Nøsteriet AS er en koselig garnbutikk med et bredt utvalg kvalitetsgarn fra kjente…

    2.49 km Unna
  6. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.52 km Unna
  7. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    2.58 km Unna
  8. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    3.65 km Unna
  9. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.86 km Unna
  10. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.55 km Unna
  11. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  12. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    10.66 km Unna
  13. Galleri Karen

    Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…

    10.72 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av