Utforsk Telemark

EN

NO

Soria Moria Sauna

TypeAndre aktiviteter

Markensvegen 20, 3880, Dalen

Legg Soria Moria Sauna til i reiseruten din.

  • film
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Soria Moria Sauna
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Soria Moria badstue på Dalen med snø
  • Product Image
  • Product Image
  • Drone photo of Soria Moria sauna on Dalen one autumn evening
  • Soria Moria badstue på Dalen i Telemark en vinterkveld
  • Product Image
  • Soria Moria badstue i solnedgang
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

BOOK SORIA MORIA  

Badstoga kan leigast for 2 timar av gangen. Pris oppgitt er totalpris for 2 timar, ikkje pr person. Vel priskategori utifrå kor mange de er når du bookar. 

1-5 personar kr. 300,-
6-10 personar kr. 600,-
11-15 personar kr. 900,-

Presisering av hygienereglar:
- Alle må dusje før ein går inn i badstoga!
- Personar med symptom på luftvegsinfeksjon (hostar eller nys) har ikkje adgang.
- Ha på badetøy og sitt på handkle på benken!

For alle
Soria Moria skal vere eit samlingspunkt for alle – ein stad for kvile og refleksjon, for møte og samtale. Det vere seg lokalbefolkninga som arrangerar saunakvelder, hotellgjesten som kan rusle i slåbrok gjennom parken, vandraren som kjem ned frå fjellet eller den slitne syklisten etter å ha tråkka oppover kanalen. 

Kor ligg badstoga? 
Badstoga ligg nydeleg til på Dalen i Telemark, ved innsjøen Bandak. Sjå kartet her 

Parkering på p-plass for friluftsområde i Markensvegen, så går du ned siste stykket fram til badstoga (200 meter). Parkering nede ved badstoga for rørslehemma etter avtale. 

Kva må ein ha med?
- Handkle, gjerne to, så har du eitt å sitje på i badstoga og eitt til å tørke deg med 
- Badetøy
- Badekåpe om du har (det er 200 meter å gå frå sanitærbygg med dusj/toalett og ned til Soria Moria) 
- Badesandaler/sko 
- Pose til vått badetøy og våte handkle 
- Lue til etterpå viss det er kaldt
- Drikkevatn
- Lommelykt til mørke haust og vinterkveldar kan vere lurt 

Kor mange er det plass til?
Soria Moria har plass til maks 15 personar pr booking (då er det kanskje ein fordel å kjenne einannan godt!)

Gåvekort Soria Moria
Ynskjer du å gje Soria Moria tid til nokon du er glad i? Sjå bookingkalenderen vår! Kontakt oss på e-post info@visitdalen.com eller tlf. 35 07 56 56 om du har spørsmål.  

Kor hentar eg og leverer nøkkelen?
Det vil du få informasjon om på e-post når du har booka tid. 

Kan ein drikke alkohol i badstoga?
Ja det er tillatt i moderate mengder inne i sjølve badstoga når du har booka den, men ikkje ute.

Er det toalett og dusj i badstoga?
Nei, ikkje i badstoga, men me har eit sanitærbygg ca. 200 meter frå Soria Moria, ved parkeringsplass der du går ned til badstoga (sjå kart). Her er det dusj med varmt vatn, toalett og handikaptoalett. Nøkkel til sanitærbygget får du saman med saunanøkkelen. 

Korleis blir badstoga varma opp?
Badstoga varmast opp av ein Harvia elektrisk badstogeomn med effekt på 33kW. 

Me sørger for at badstoga er slått på og god og varm til du kjem! 

Sosiale media 
Om du postar bileta dine frå sauanopphaldet på sosiale media og brukar #soriamoria #soriamoriasauna #visitdalen blir me veldig glade, og me kan love deg mange likes! 

Velkommen! 

https://www.facebook.com/visitdalen/

https://www.instagram.com/visitdalen/

Fasiliteter

Adgang /Tillgang

  • turstier- merkede

Aktiviteter

  • bading
  • fotturer
  • isbading
  • spasertur

Deltagere må ta med

  • badetøy

Generelle fasiliteter

  • åpent hele året
  • badstue

Natur og terreng

  • badeplass
  • utsiktsplass
  • vann

Sesong

  • Hele året

TripAdvisor

Kart

Sjekk tilgjengelighet forSoria Moria Sauna (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    11 m Unna
  2. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    366 m Unna
  3. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    451 m Unna
  1. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    785 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    2.42 km Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    2.46 km Unna
  4. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    2.60 km Unna
  5. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    2.63 km Unna
  6. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    2.87 km Unna
  7. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    3.31 km Unna
  8. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    5.45 km Unna
  9. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    6.30 km Unna
  10. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    8.01 km Unna
  11. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    8.18 km Unna
  12. Bandaksli Bryggje

    Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…

    10.43 km Unna
  13. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    11.96 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av