Velkomen til Fjågesund
Soveboksen er tilgjengeleg for booking i kanalsesongen (mai - oktober, sjå telemarkskanalen.no)
Soveboksen i Fjågesund er eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar langs Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar. Her er også ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. Det er også toalett tilgjengeleg. Det er straumuttak inne i soveboksen til lading av telefon m.m. Det er ikkje tilgang på drikkevatn, så det må ein ha med. Ta også med sovepose til å ligge i.
Overnatting i soveboksen kostar kr. 100 per person per natt. Når du bookar soveboksen, er det din private booking i tidsrommet du har booka.
Opphaldet du bookar gjeld for ei natt av gangen. Soveboksen er tilgjengeleg frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 neste dag. Om du ynskjer å booke fleire netter er dette sjølvsagt mogleg å gjere i bookingkalenderen. Nøkkelen finn de i kodeboks ved døra. Koden får du når du har booka. Nøkkelen er ditt ansvar å passe på medan du brukar soveboksen. Ved avreise, lås soveboksen og legg nøkkel tilbake i kodeboksen og lukk den.
Bruk møblar og utstyr, men heng det tilbake på veggen innan de reiser vidare.
Etterlat pakkbua i den stand de sjølve ynskjer å finne den! Rydd, og hugs å ta med søpla di.
Vi håpar de får eit fint opphald!
Det er Feste Landskap/Arkitektur som har teikna soveboksen, på oppdrag for Telmarkskanalen Regionalpark og i samarbeid med Kviteseid kommune. Les meir om prosjektet.
Historia
Fjågesund ligg om lag midtvegs mellom Skien og Dalen på Telemarkskanalen. På begge sider av sundet er det bratte fjell med nær loddrette fjellsider.
Akkurat rundt sjølve sundet er landskapet venleg, og namnet Fjågesund betyr det venlege, blide sundet. Det har truleg vore busetnader i Fjågesund i minst 5000 år.
Det eldste oldtidsfunnet i bygda er datert til mellom 3500 f.Kr. og 2800 f.Kr. Også Fjågesund gard er særs gamal. Ut frå plasseringa til garden, storleiken og dateringa av andre gardar i heradet, har ein anslått at garden må ha blitt rydda ein gong i perioden 1 - 550 e.Kr. eller endå tidlegare.
Soveboks i Bandaksli
Det er ein tilsvarande soveboks i Bandaksli, den kan du booke i kanalsesongen også.
Sesong (1 Mai 2021 - 10 Okt 2021) |
---|
Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a.…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…
Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet, mellom Nissedal og Fjone.
Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark med attraksjoner for store og små. Ta med…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Norges beste eplemost, fristende gårdsbutikker, prisbelønnet mikrobryggeri og verdens…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Drangedal bygdetun er sannsynligvis et av Norges flotteste bygdetun, idyllisk plassert i…