Velkomen til Bandaksli!
Soveboksen er tilgjengeleg for booking i kanalsesongen (mai- oktober, sjå telemarkskanalen.no)
Soveboksen i Bandaksli er eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar langs Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar. Her er også ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. Det er straumuttak inne i soveboksen til lading av telefon m.m. Det er ikkje tilgang på drikkevatn, så det må ein ha med. Ta også med sovepose til å ligge i.
Overnatting i soveboksen kostar kr. 100,- per person per natt. Når du bookar soveboksen, er det din private booking i tidsrommet du har booka.
Opphaldet du bookar gjeld for ei natt av gangen. Soveboksen er tilgjengeleg frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 neste dag. Om du ynskjer å booke fleire netter er dette sjølvsagt mogleg å gjere i bookingkalenderen, ved ledig kapasitet. I bookingkalenderen kan du også endre dato for bookinga eller avbestille. Det er ingen refusjon ved avbestilling.
Nøkkelen finn de i kodeboks ved døra. Koden får du når du har booka. Nøkkelen er ditt ansvar å passe på medan du brukar soveboksen. Ved avreise, lås soveboksen og legg nøkkel tilbake i kodeboksen og lukk denne.
Bruk møblar og utstyr, men heng det tilbake på veggen innan de reiser vidare. Etterlat pakkbua i den stand de sjølve ynskjer å finne den! Rydd, og hugs å ta med søpla di.
Toalett (utedo) finst på baksida av bygget.
Vi håpar de får eit fint opphald!
Fiske
Ynskjer de å fiske i Bandak så er det fiskereglane for sone 2 som gjeld her. Fiskekort for Bandak får de kjøpt på turistkontoret på Dalen eller på www.inatur.no
Arkitektur
Det er Feste Landskap/Arkitektur som har teikna soveboksen, på oppdrag for Telmarkskanalen Regionalpark og i samarbeid med Tokke kommune. Midtbø Bygg AS har bygd soveboksen. http://www.feste.no/pakkbuer-telemarkskanalen
Historia
Det var Åmdals Verk Gruver (kopargruver) som danna grunnlag for bryggjeanlegget i Bandaksli. Bryggja blei anlagt omkring 1860, og blei nytta til utskiping av malm. På bryggja var det pakkhus, lasterampe, butikk og lager og ned hit førte ein taugbane i 350 meters fall. Malmen blei frakta med hest til toppen av lia, deretter med taubanen ned til malmlageret som ligg omkring 100 m. vest for bryggjeanlegget.
Då det ikkje var djupt nok for større båtar blei det etter kanaliseringa bygd ei ny bryggje i Bandaksli i driftsåret 1908/09. Bryggja er ei flaumbryggje, det vil seie at den hadde ulik høgde slik at den kunne fungere ved ulik vasstand.
Frå bryggja er det 15 km opp til Åmdals Verk Gruver. Her kan du oppleve flotte utstillingar og bli med på gruvevandring.
Ved bryggja i Fjågesund er det også ein tilsvarande soveboks, book soveboks i Fjågesund også i kanalsesongen.
Sesong (1 Mai 2020 - 4 Okt 2020) |
---|
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av "Fotobonden" Jostein Hellevik, og ei…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…