Utforsk Telemark

EN

NO

Riksteatret: Skorpionens spill - i skyggen av Roblox

TypeTeater

Nyveg 16, 3840, Seljord

Legg Riksteatret: Skorpionens spill - i skyggen av Roblox til i reiseruten din.

Skorpionens spill - i skyggen av Roblox

Om

Ei historie om spel, makt og friheit – i ei verd der du må kode din eigen veg.
Bli med på ei heilt ny oppleving der vennedrama møter Roblox. Ein spennande kveld for deg som likar å game, og for alle som har lyst på ei actionfylt familieframsyning om vennskap, svik og spelet sine skyggesider.
Gaia er skulens beste på å lage spel i Roblox. Den sjølvsikre og overbevisande Axel inviterer henne med i eit Roblox-prosjekt som skal gjere dei rike. Etter press frå bestevennen tar ho sjansen. Men det som startar som ein kreativ draum, utviklar seg raskt til eit giftig samarbeid der ho mistar både kontroll og sjølvtillit. Korleis kan ho ta tilbake kontrollen før det er for seint?
Skaparane av den prisvinnande gaming-framsyninga «Det Mørke Fortet – et Minecraft-eventyr» er tilbake med eit nytt prosjekt. Lokale barn og unge medverkar som Roblox-spelarar og påverkar handlinga gjennom å spele Roblox live på scenen. Roblox-spelet blir utvikla av Nora Helen Engelsvold i Shyfoox Studios - mest kjent for verdssuksessen Dragons' Life i Roblox.
Framsyninga er laga for litt større barn.
Passar ikkje for barn under 6 år.
Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).
Urpremiere i Oslo, Nydalen 19. februar 2026 Turnépremiere i Skien 25. februar 2026
Med Mie Korsbakken Christensen, Tevje Espeland, Albertine Lundgren og Tom Styve.
Av Frode Gjærløw og Håkon Dalsbø. Regissør Frode Gjerløw. Medregissør Håkon Dalsbø. Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington. Dramaturg Mariken Lauvstad. Lyddesignar Morten Haug Serigstad. Videodesignar Thomas Gallagher. Lysdesignar Martin Myrvold. Produsent Bastian Stabell. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Teater Ibsen.
Ansvarsfråskriving:
Denne teaterframsyninga er ein uavhengig produksjon og er verken godkjent, sponsa eller tilknytta Roblox Corporation. "Roblox" er eit registrert varemerke tilhøyrande Roblox Corporation, og all omtale av dette merket skjer berre i dramaturgisk, kritisk eller analytisk hensikt.
Innhaldet i framsyninga reflekterer manusforfattarane sine eigne meiningar og undersøkingar og er ikkje uttrykk for synspunkta til Roblox Corporation eller nokre av deira tilknytta selskapa. Alle referansar til Roblox eller relaterte produkt vert gjort innanfor ramma av legitim ytringsfriheit og rimeleg bruk ("fair use").

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35 06 59 80

Åpningstider

Granvin Kulturhus (2 Mar 2026)
DagTider
Mandag18:00 - 20:00

Også i nærheten

  1. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    558 m Unna
  2. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    1.19 km Unna
  3. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    1.41 km Unna
  1. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    1.81 km Unna
  2. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    2.36 km Unna
  3. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    2.66 km Unna
  4. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    7.30 km Unna
  5. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    9.22 km Unna
  6. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.37 km Unna
  7. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.58 km Unna
  8. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    9.79 km Unna
  9. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    10.31 km Unna
  10. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    10.87 km Unna
  11. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    11.60 km Unna
  12. Bruredynnan

    Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…

    12.33 km Unna
  13. Telespinn

    Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…

    12.72 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av