Utforsk Telemark

EN

NO

«Ska me danse?» med Ottar Kåsa, Ingebjørg Bø og Even Westeng

TypeAndre arrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg «Ska me danse?» med Ottar Kåsa, Ingebjørg Bø og Even Westeng til i reiseruten din.

Ottar Kåsa, Ingebjørg Bø og Even Westeng

Om

JA, GJERNE....

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Etter to år med pandemi og lite høve til dans, så er det heilt på sin plass for Sørnorsk folkemusikksenter å tilby ein dansespel-konsert frå øvste hylle. I konserten «Ska me danse?» – fritt etter danseprogrammet på TV2 – vil spelemann Ottar Kåsa og danseparet Ingebjørg Bø og Even Westeng vise fram eit flott program med teledansen som hovudelement. Ottar Kåsa er ein av landets mest profilerte spelemenn med fleire sigrar frå Landskappleiken. Han er óg ein av dei fremste utøvarane for dansespel. Ingebjørg Bø og Even Westeng er båe erfarne dansarar innanfor det ein kallar for «teledans».

Konserten vil ha to delar, der første delen av konserten vil bestå av spel og danseoppvising, medan den andre delen av konserten vil bestå av open dans for publikum med Ottar Kåsa som dansespelemann. Ingebjørg Bø og Even Westeng vil i denne delen by publikum opp til dans og kanskje lære vekk ein ting eller to om teledansen.

Ottar Kåsa frå Arabygdi i Vinje er direkte etterkomar av Myllarguten og vart sjølvsagt spelemann og felemakar. Ottar vann landskappleiken på hardingfele i 2011, 2012, 2015 og 2016 og fekk gullmedalje for felemakarkunsten sin i 2018. Det sjølvtitulerte debutalbumet hans frå 2012 fekk både Folkelarm-prisen og Spellemann-prisen det året, og album nummer to «Kjoskrullen» vann Folkelarm-prisen i 2016. I tillegg til virket som felemakar og solospelemann er han også aktiv i den meir rocka folkemusikktrioen «Resjemheia»..Ingebjørg Bø (Bø dansarring) og Even Westeng (Gransherad spel og dansarlag) har dansa teledans mange år, og dei deltek på Landskappleiken kvart år. Ingebjørg vann tevlinga Dans A Hardingfele i 2017 i lag med Ola Narverud, og fekk med kongepokalen med heim til Telemark. I lag er Ingebjørg og Even eit av dei fremste dansapara innan dansedialekta som ein kallar for «teledans» - bygdedansen frå Telemark. Men kva er teledans eigentleg?

TELEDANS Dei gamle pardansane våre er dei vi kallar bygdedansar, og som blir dansa til slåttespel. Dette er dansar med stor variasjonsrikdom og som har ulik utforming frå distrikt til distrikt. I Telemark har vi gangar og springar, to pardansar som er like i form og vendingar, men ulike i takt. Dansen og spelet er tett knytt til kvarandre, og begge har rom for individuell utforming og improvisasjon. Dette er i utgangspunktet samversdans, dansen var tidlegare ein sjølvsagt del av festleg samkome og gav også etterlengta kontakt mellom gut og jente. Sjølv om fridomen er stor, så er dansen bygd opp av faste element. Ei rekke ulike samdanstak og dansemotiv blir sett saman til ein heilskap, og slike element er dansen i Telemark særleg rik på. Vidare er det gjerne eit lausdansparti, der dansarane slepp kvarandre og dansar kvar for seg. Då viser gjerne jenta kor god ho er til å svive, mens guten kan krydre dansen med eit sprekt kast.

Vel møtt til lystig lag!

Inngang / deltaking kr 200,- innkludera kaffi og kake Studentrabatt kr 100,-

 

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  1. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    244 m Unna
  2. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.61 km Unna
  5. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.27 km Unna
  6. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  7. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
  8. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.51 km Unna
  9. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.56 km Unna
  10. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    27.50 km Unna
  11. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.94 km Unna
  12. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    31.66 km Unna
  13. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    31.69 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av