Utforsk Telemark

EN

NO

Sommarutstilling med Knut Flatin i Kviteseid

TypeKunst

Fjågesundvegen 12, 3850, Kviteseid

Legg Sommarutstilling med Knut Flatin i Kviteseid til i reiseruten din.

Kunstutstilling med Knut Flatin på Kviteseid bygdetun.
  • Kunstutstilling med Knut Flatin på Kviteseid bygdetun.
  • Kunstutstilling med Knut Flatin på Kviteseid bygdetun.
  • Kunstutstilling med Knut Flatin på Kviteseid bygdetun.

Om

Knut Flatin er årets utstillar i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun. Målaren og grafikaren frå Seljord kan sjå tilbake på eit langt og aktivt kunstnarliv. Han debuterte som 19-årig kunststudent med teikning på Statens høstutstilling i 1967. 

I dag er han representert med arbeid i fleire faste galleri og samlingar, m.a. Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Norsk kulturråd. 

Vegen frå ung, talentfull bygdekunstnar med røter i folkekunst og folkemusikk, til kunstnar med eit lyrisk abstrakt formspråk har tildels vore utfordrande. I ein periode arbeidde Knut Flatin figurativt, men inspirasjon frå studier, reiser og tendensar i tida prega han etterkvart meir og meir. 

Naturoppleving, musikk og inntrykk frå reiser har vore, og er framleis viktige inspirasjonskjelder for bileta hans. Flatin meiner sjølv at det er nærliggande å samanlikna arbeidsmåten og tilnærminga med musikalske komposisjonar og uttrykk:

«Med komposisjon meiner eg fordeling av farge og valørar, slik at det oppstår spenning og liv. Stikkord her er ei blanding av kontroll, spontanitet og eksperiment, samt harmoni og disharmoni. Fargen er ei berande kraft. med farge kan det meste seiast - og er dette intererssant for andre så oppstår dialog».

77-åringen hadde separatutstilling sist på Galleri Heer i Oslo hausten 2021, og i Låvegalleriet på Nutheim i 2019. Ein kan og nemne at det er omtrent 50 år sidan han hadde separatutstiling i Seljord kunstforening for fyrste gong. 

Utstillinga i Kviteseid er tilgjengeleg i bygdetunets opningstider; tirsdag til sundag kl. 11-17 i perioden 25. juni til 15. august 2022.

Merk at opningsarrangementet for sommarutstillinga blir sundag 19. juni kl. 13.00!

Velkomen!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Sommarutstilling med Knut Flatin (19 Jun 2022 - 14 Aug 2022)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    42 m Unna
  2. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    14.78 km Unna
  3. Into the landscape

    Into the Landscape

    International workshop 25th of September to 4th of October with Sami…

    15.52 km Unna
  1. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    15.64 km Unna
  2. Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…

    15.74 km Unna
  3. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    16.00 km Unna
  4. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    16.27 km Unna
  5. Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    16.46 km Unna
  6. Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    16.55 km Unna
  7. Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    17.45 km Unna
  8. Bruredynnan

    Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…

    19.17 km Unna
  9. Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…

    22.87 km Unna
  10. Kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    22.97 km Unna
  11. Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    23.00 km Unna
  12. Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    23.75 km Unna
  13. Utsiktspunktet i Flatdal

    Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…

    23.85 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av