Sundag 20. september inviterer vi til tradisjonshandverkarsamling på Eidsborg. Arrangementet er ope for alle interesserte. Tema for dagen er: Når er det best å gjere minst mogeleg?
Tradisjonshandverkarsamling er ein uhøgtideleg måte å dele kunnskap på. Nokon gonger kan me møtast i praktisk arbeid. Andre gonger møtest me, drikk kaffi, høyrer eit føredrag og diskuterer aktuelle tema innan bygningsvern.
Høvet for denne samlinga er kunnskapsdeling og kompetanseoverføring i samband med restaureringsarbeid på Ruistoga. Arbeidet blei støtta av Kulturminner for alle, Fortidsminneforeningen, Kulturminnefondet, Ta eit tak og Tokke kommune.
Program for dagen er todelt og ope for alle. Fyrste del er på Ruiplassen, andre del på Vest-Telemark museum.
Kl. 14.00, Ruiplassen: Alice Haukelidsæter, eigar, viser og fortel på Ruiplassen. Kl. 16.00, Eidsborg: Thomas Sandvik Jacobsen, tradisjonshandverkar, viser bilete og fortel frå restaureringsarbeidet.
Kl. 16.45, Eidsborg: Else Marie Skau frå Fortidsminneforeningen fortel om høva for å søke tilskot.
Kl. 17.00, Eidsborg: Dag Feldborg, kulturhistorikar, snakkar om temaet "Av og til er det best å gjere minst mogeleg".
Etterfølgjande diskusjon og meiningsytringar i Ordet er fritt.
Pris: 100 kroner inkl. kake og kaffi. Maks 50 personar.
NB! Påmelding til post@vtm.no eller 35069090.
Hugs avstandsreglar. Handvask og sprit tilgjengeleg.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…